Høyring – utkast til nye språkpolitiske retningslinjer for Universitetet i Bergen
Universitetsleiinga inviterer fakulteta og Universitetsmuseet til å gi innspel til utkast til nye språkpolitiske retningslinjer for Universitetet i Bergen (UiB).
Hovedinnhold
Dei gjeldande språkpolitiske retningslinjene og mandatet UiBs språkpolitiske utvalet blei vedtekne i 2019. Universitetsleiinga sette våren 2026 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag om å kome med forslag til reviderte retningslinjer i lys av endringar i lov- og regelverket, og nye nasjonale føringar.
Arbeidsgruppa blei leidd av viserektor Kristoffer Chelsom Vogt og har hatt medlemmar frå dei vitskapleg tilsette, administrasjonen og studentane. Arbeidet har teke utgangspunkt i UiB sitt samfunnsoppdrag som nasjonal kunnskaps- og kulturberande institusjon med eit internasjonalt virkefelt. Utkastet til nye retningsliner er forankra i UiB sin strategi for 2023–2030, språklova, universitets- og høgskulelova med forskrifter og regjeringa sin handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.
Utkastet har blitt drøfta og justert av universitetsleiinga og i dekanmøte, og skal etter høyring i organisasjonen handsamast av universitetsstyret.
Hovudpunkta i utkastet
Utkastet byggjer på at norsk skal vere hovudspråket ved UiB, medan engelsk skal vere det primære ikkje-skandinaviske språket. UiB skal ha ein medviten parallellspråkleg praksis, der norsk og engelsk kan brukast side om side utan at norsk blir fortrengt.
Retningslinjene omfattar utdanning, forsking, formidling og administrasjon. Utkastet legg mellom anna vekt på:
- UiB sitt ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk fagspråk og terminologi
- UiB sitt særlege ansvar for nynorsk i høgare utdanning
- norsk som hovudspråk i undervisninga, særleg i obligatoriske emne på bachelornivå
- forskarane sin fridom til å velje det språket som best tener forskingsføremålet
- krav til norskkompetanse for fast vitskapleg tilsette i ordinære undervisnings- og forskingsstillingar
- språkopplæring og andre støttetiltak for studentar og tilsette
- norsk som administrasjonsspråk og eit klart og målgruppetilpassa språk
- tydelegare leiingsansvar, rapportering og organisatorisk oppfølging av språkpolitikken
- eit revidert mandat og ei tydelegare rolle for Det språkpolitiske utvalet.
Målet er at retningslinjene skal gi eit tydelegare grunnlag for språklege val i den faglege og administrative verksemda og bidra til høg fagleg kvalitet, eit inkluderande arbeids- og læringsmiljø, eit levande universitetsdemokrati og ein velfungerande administrasjon.
Her kan du lese høyringsbrevet.
Frist for å sende inn høyringssvar er 14. august 2026.
Universitetsleiinga tek sikte på å leggje saka fram for universitetsstyret 10. september 2026.
