Hjem
Digital humaniora lab
Kurs

Kurs i søk og deponering av språkdata

Bli med på eit to timars introduksjonskurs i søk og deponering av språkdata i datalageret til Clarino bergenssenteret.

Hovedinnhold

Kurset gir deg oversikt over og introduksjon i bruken av språkdatainfrastrukturen Clarin. Du får øving i å bruke dei kvalitetssikra språkdataressursane og blir kjent med fasettert søk i Virtual Language Observatory for å utforske og utnytte lingvistiske ressursar, tenester og verktøy som er tilgjengelege gjennom Clarin.

Videre lærer du den sjølvbetjente rutinen for deponering av eigne data i Clarin, nærare bestemt ved innlegging av eit datasett i datalageret Clarino Bergen Centre Repository.

Val av lisens er også eit tema i kurset, og innlegging av grunnleggande metadata blir gjennomgått.

Kurset passar for studentar på 300-nivå og PhD-studentar i lingvistikk og andre språkfag, samt digital kultur.

Påmelding

Kurset vert gjennomført digitalt i Zoom. Lenke til påmelding finn du til høgre i margen.

Litteraturtips og Zoom-lenkje blir tilsendt, og deltakarbevis blir gitt etter gjennomføring av ei øving med deponering av eit datasett i kurset.