Hjem
Institutt for økonomi
ELEVBESØK

Eksperimenterer med samfunnsøkonomi

Elevar frå Sandsli vidaregåande skule fekk eit allsidig innblikk i samfunnsøkonomien med hjelp av eksperiment og fleip eller fakta.

Elever fra Sandsli på besøk
ØKONOMIEKSPERIMENT: Anne-Grethe Karstad og Simen Stene (17) fekk prøve eit økonomisk eksperiment på den nye DIGSSCORE-laben.
Foto/ill.:
John Ivar Sunde

Hovedinnhold

– Etter terrorangrepa i New York 11. september 2001, blei salet av leppestift i USA halvert. Fleip eller fakta, spør postdoktor Teis Lunde Lømo ved Institutt for økonomi.

Framfor seg har han elevar frå 2. klasse ved Sandsli vidaregåande skule, som i løpet av 20 sekund må bestemme seg for om dei trur på påstanden eller ikkje. Dei har samfunnsøkonomi som valfag, og har nytta høvet til å få fagleg påfyll ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.

Gøy med variasjon 

Simen Stene og Anne Grethe Karstad (17) er med klassa på omvising ved instituttet. Her fekk dei sjå korleis studietilbodet er lagt opp og høyre kva studentar ved instituttet synast om å studere samfunnsøkonomi.

– Det var gøy å få litt variasjon frå klasserommet, og det var òg veldig lærerikt, seier Steine. 

Elevane fekk i tillegg prøve ut eit samfunnsøkonomisk eksperiment på den nye DIGSSCORE-laben. Forsøket skulle mellom anna måle om elevane ville lyge for å vinne til seg mest mogleg twist. Tre deltakarar vart tilfeldig trukke ut som vinnarar, og fekk forsyne seg av twistskåla.

PS: Svaret på påstanden er fleip. Salet av leppestift vart dobla. Vil du vite forklaringa? Bli samfunnsøkonomistudent, så lærer du om dette og mykje, mykje meir.