Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Velkomen som ny student

Les meir om korleis Institutt for økonomi og SV-fakultetet tek imot deg som ny års-, bachelor- eller masterstudent.

Studenter
Foto/ill.:
Emil Breistein

Hovedinnhold

Ny års- eller bachelorstudent

Semesteret ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet opnar 10. august kl. 10 med eit velkomstmøte i Grieghallen. Frå 10 - 14 august kan fakultetet by på eit fagleg og sosialt program, med fokus på å hjelpe deg som ny student med å kome i gong med studiekvardagen.

 

Instituttet held orienteringsmøte for bachelorstudentar torsdag 13. august kl. 12.15-14.00 i Stort auditorium på SV-bygget (Fosswinckels gate 6). Orienteringsmøte for årsstudentar er måndag 10. august kl. 11.15-12.15 på rom 315, Ulrike Pihls hus. Sjå kart over universitetsområdet.

 

Informasjon om emnene vert gjeve på første forelesing, men du kan i tillegg sjå emneplanen for ditt fag for meir informasjon om innhald i faget, timeplan, eventuelle obligatoriske aktivitetar og litteraturliste.

 

nettsidene til SV-fakultetet har vi samla mykje nyttig informasjon for nye studentar.

 

Ny masterstudent

Orienteringsmøte for masterstudentar er onsdag 12. august kl. 12:15 - 13:00 på auditoriet, Ulrike Pihls hus. Sjå kart over universitetsområdet.

 

I tillegg vil Fagutvalet ved instituttet arrangere fadderveke for nye og gamle masterstudentar.