Hjem
Eiendomsavdelingen

Retningsliner for bruk av studentkort ved Universitetet i Bergen (nynorsk)

Retningsliner for bruk av studentkortet

  1. Utskriving av studentkort

Når studentkortet vert henta, er det programmert med ein basistilgang til det fakultetet ein er teken opp ved. Kortet er personleg og skal ikkje overdragast eller på annan måte overlatast til eller brukast av andre enn den det er utskrive til. Ved utskriving vert kortinnehaveren sitt bilete overført elektronisk til kortet samt til studentbevisapp. Informasjonen vert lagra i eit register og kan nyttast til produksjon av erstatningskort og til kontrollføremål. Dersom det vert avslørt misbruk eller anna bruk i strid med desse retningslinene,  vil UiB kunne sperre nokre eller alle dei funksjonar kortet gir tilgang til.

2. Periode kortet er gyldig

Kortet er gyldig i kombinasjon med studentbevisapp eller kvittering for betalt semesteravgift. Når ein student avsluttar studiane ved UiB, eller ikkje betaler semesteravgift, vil UiB sperre dei funksjonane kortet gir tilgang til.

3. Vern om kort og kode

Kortinnehavaren skal sjå til at uvedkommande ikkje får kortet i hende. Den personlege koden skal ikkje oppgjevast til nokon. Koden, som må hugsast, er identisk med koden for tilgang til studentweb. Dersom koden vert skriven ned, skal det gjerast på ein slik måte at andre ikkje kan knytte koden til bruk av studentkortet. Nedskrivinga må ikkje oppbevarast på eller i nærleiken av kortet.

4. Melding ved tap av studentkort

Tap av studentkort skal meldast straks til Kortsenteret. Alle rettar vil bli sperra. UiB  krev betaling for utskriving av nytt studentkort som er grunna i tap.

5. Bruk av studentkort

Studentkortet skal nyttast elektronisk eller manuelt (visuelt) i samsvar med dei reglar som gjeld for den  enkelte funksjonen. Nokre av funksjonane må først aktiviserast hos eller i den eininga ved UiB som har ansvar for funksjonen. Dersom omsyn til tryggleik gjer det naudsynt, kan UiB utan omsyn til reglane ovanfor avgrense kortet sitt bruksområde og føreta andre endringar i tryggleiksprosedyrar eller liknande. UiB skal snarast varsle innehavaren av kortet om dette.

6. Registrering og bruk av opplysningar knytta til studentkortet

UiB har elektronisk tilgangskontroll på utvaldte dørar/funksjonar i UiB sine bygg. Dette vert gjort for å verne om liv og helse for tilsette og studentar og for å verne informasjon og verdiar som er viktig for drift av universitetet. Berre kortinnehavar kan gi samtykke til å sjå logg tilhøyrande kortnummeret. Dessutan kan politiet få slikt innsyn når sak er meld til politiet. Informasjonen som vert lagra er kortnummer opp mot namn, tid og dør/kortlesar, og vert sletta etter 30 dagar. Berre tilsette på kortsenteret har tilgang til å lagre opplysningar.

7. Ansvar for andre sitt misbruk av studentkortet  

Dersom kortinnehavaren med vilje har gjort det mogeleg for andre å bruke studentkortet, vil dette kunne føre til tap av rettar som kortet gir tilgang til og til sanksjonar etter andre reglar, herunder utestenging frå studiar eller eksamen.

8. Reklamasjon eller retting av feil

Dersom bruk av studentkortet har ført til ei hending, som etter kortinnehaveren si meining ikkje er korrekt, pliktar denne snarast å melde frå om dette til Kortsenteret. Dersom UiB krev det skal slik melding vere skriftleg. UiB skal straks analysere slik reklamasjon eller melding om feil og føreta korrektive tiltak. I tilfelle der det er oppstått feil som kan tilbakeførast til UiB sine rutinar eller utstyr  skal UiB i rimeleg grad søkje å medverke til at dette ikkje blir til vesentleg ulempe for innehavaren av kortet.