Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Antikkens Roma

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Det Norske Institutt i Roma

Mål og innhald

Emnet er tverrfagleg og utforskar den romerske kulturen frå arkeologiske, historiske og religionsvitskaplege innfallsvinklar, frå seinrepublikk til seinantikk, med fokus på byen Roma. Undervisning skjer i tilknyting til sentrale antikke stadar, musear og minnesmerker i Roma.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om de arkeologiske, historiske, litterære, religiøse og urbanistiske aspekta ved den romerske kulturen
  • har kunnskapar om det antikke romerske samfunns mekanismar
  • har grunnleggjande innsikt i tverrfaglege, antikkvitskaplege problemstillingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan handtere forskjellige kategoriar antikke kjelder (monument, tekstar), og bruke desse i eiga analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • har røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar, og gi ei skriftleg framstilling av eit fagleg problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Minimum 60 studiepoeng avlagt seinast semesteret før utreise, der minst 10 studiepoeng antikkrelaterte emne. Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Full fagleg overlapp med AHKR215.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Emnet har eit eige opptak felles med AHKR215, og har plass til inntil 12 studentar, fordelt mellom AHKR210 og AHKR215. Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå AHKRs nettsider her:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=5657250

Søknaden skal innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.

Fristen er 15. januar for opptak i følgjande semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert given under eit 4-5 vekers opphald i Roma, i form av forelesningar og innlegg ved aktuelle monument og musear. Nøyaktige datoar for opphaldet blir oppgjeven i god tid på førehand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisinga er obligatorisk.

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

5 dagar heimeeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Det er også mogleg å ta eksamen i semester utan undervisning.

Litteraturliste

Omtrent 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Humanistisk fakultet v/ AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    16.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen