Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingsetikk

  • Studiepoeng0
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeAHKR300
  • Talet på semester1
  • SpråkTil vanleg norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å legga til rette for at forsking vert utført i samsvar med høge forskingsetiske krav. For å oppnå dette vil kurset engasjera masterstudentane til å lesa om, reflektera over og diskutera aktuelle forskingsetiske problemstillingar.

Kurset gir ei generell fleirfagleg innføring i forskingsetikk. Det tek òg for seg forskingsetiske utfordringar, der lærarane trekk fram forskingsetiske tema som har vist seg særleg relevante innan kvart av faga og som samtidig er aktuelle for alle faga. Studentane vil få sjå eksempel knytt til tema som vert tekne opp, og desse eksempla vil bli drøfta i grupper og i plenum.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om forskingsetikk både når det gjeld prinsipp og praksis
  • har kunnskap om forskingsetiske ressursar
  • har ei forståing av føremålet med og verdien av forskingsetiske vurderingar og avgjerder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak på eit masterprogram ved AHKR.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset vert arrangert som to heildagssamlingar. Samlingane vil innehalda foredrag, gruppearbeid og plenumsdiskusjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  •  Obligatorisk deltaking på begge samlingane.

Vurderingsformer

  • Deltaking på begge samlingane

Studentane får kurset vurdert som greidd om dei deltek på samlingane.

Karakterskala

Emnet vert vurdert som greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Læremiddel vert utarbeidd i samband med samlingane.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Forskningsetisk komité, AHKR

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon