Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingsfordjupning etter mastergrad

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Post master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studenten trening og kompetanse i følgjande element:

- å bli kjend med vitskapleg publisering i tidsskrift

- å få trening i å gi og motta tilbakemeldingar til og på vitskaplege artiklar, såkalla fagfellevurdering

- på basis av masteroppgåva å produsere ein vitskapleg artikkel som er så gjennomarbeidd at han kan sendast inn til eit vitskapleg tidsskrift (nivå 1 eller 2). Studenten skal i eit vedlegg til artikkelen kort presentere tidsskriftet og gjere greie for tidsskriftet si tematiske orientering

- på basis av masteroppgåva å lage ein konferansepresentasjon

- å arbeide med søknadar til eit forskingsprosjekt

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

- har avanserte kunnskapar om vitskaplege publiseringsorgan, publiseringspraksis, skriveprosess og fagfellevurdering av artiklar og søknader.

Ferdigheiter:

Studenten

- kan skrive ein vitskapleg artikkel og ein forskingssøknad, har erfaring i å gi og motta fagfellevurdering og i å førebu og presentere eit eige paper i ein konferansesamanheng.

Generell kompetanse:

Studenten

- kan ordlegge seg klart, tydeleg og målfokusert, strukturere tankane sine og komme med kritisk tilbakemelding til andre sitt arbeid.

Krav til forkunnskapar

Mastergrad ved Universitetet i Bergen, med karakteren A eller B på masteroppgåva.

Mastergraden treng ikkje vere i eit bestemt fag, men for at undervisning og rettleiing skal fungere, må tematikken for masteroppgåva vere innafor kompetansehorisonten til emneansvarleg.

Spørsmål om dette kan rettast til studierettleiar@ahkr.uib.no

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med gyldig studierett ved UiB, som tilfredstillar krav til forkunnskapar i emnet (sjå eige avsnitt).

Emnet har eige opptak, og spørsmål om søknadsprosess og opptak kan rettast til: studierettleiar@ahkr.uib.no

Merk at rettleiar på masteroppgåva (eller annan fagperson frå same disiplin) skal bidra med nokre få rettleiingstimar i løpet av semesteret. AHKR vil inngå avtale med rettleiarane til studentane som får opptak. Før søknad til emnet, må søkjar sjølv avklare med rettleiar om eit slikt engasjement er aktuelt.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av førelesingar og seminar, normalt minimum 3 dobbeltimar førelesing og 5 seminarsamlingar der studentane får øving i konferansepresentasjon og arbeidet med tekstane omtalt under «Mål og innhald». I tillegg vert det tilbydd individuell rettleiing etter behov og ressursar.

I tillegg til undervisningsopplegget på emnet, skal studenten ha tilgang på inntil 5 timar rettleiing frå sin masterrettleiar eller ein annan fagperson innanfor same fagdisiplin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar:

a) Deltaking på seminarsamlingar (minst 75 prosent)

b) Godkjend fagfellevurdering av medstudentar sine artiklar

c) Kommentering av medstudentar sine presentasjonar og søknadar.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Vurderinga er sett saman av to delar:

- Vitskapleg artikkel som er så gjennomarbeidd at han er klar til å bli sendt inn til eit vitskapleg tidsskrift.

- Munnleg eksamen der studenten får høve til å diskutere skriveprosessen og val av kjelder og tilnærmingsmåte.

Begge eksamensdelar må avleggjast i same semester, og begge må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar

Litteraturliste

Pensum omfattar ein eller fleire bøker om akademisk skriving/publisering og eit utval av 5 artiklar som nyleg har blitt publiserte i fleire relevante vitskaplege tidsskrift. Det vert og forventa at studentane les og kommenterer kvarandre sine arbeid.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Vitskapleg artikkel og munnleg eksamen

    Innleveringsfrist
    02.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Andre opplysninger
    Muntlig eksamen 11. desember
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen