Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Virksomhet, profesjon, samfunn

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet blir tilbydd i høve til etterspurnad og tilgang til undervisningsressursar.

Undervisningsstad

Etter avtale med SEVU og/eller oppdragsgivar.

Mål og innhald

Emnet er et vidareutdanningstilbod som rettar seg mot arbeidstakarar med brei arbeidslivs- og organisasjonserfaring. Det skal gje studentane teoretisk og historisk fundert kunnskap om arbeidslivet og eigen verksemd, bransje/sektor og profesjon/yrke. Samstundes er emnet eit brukarorientert tilbod som kan tilpassast i høve til tema og problem samarbeidande organisasjonar står overfor. Emnet skal såleis fungere som ein møteplass mellom arbeidsliv og universitet.

Instituttet kan tilby undervising i ulike tema, avhengig av etterspurnad og undervisningskreftene som er tilgjengelege.

Læringsutbyte

 Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode realhistoriske kunnskapar om, og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan, det valde temaet. Studenten skal også kjenne til metodiske og teoriske perspektiv knytt til historisk-sosiologisk arbeidslivsforsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historisk-sosiologiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i tekst- og dokumentanalyse og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag.

Generell kompetanse:

Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er eit eksternt finansiert tilbod til vidareutdanningsstudentar. Opptaket organiserast av Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU). Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse eller tilsvarande. Relevant erfaring blir vektlagt.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga skjer i form av førelesingar og arbeidsseminar/gruppearbeid, som er organisert i 4 studiesamlingar over 3 dagar. Det vert og oppgåveseminar på internett. I seminara vil studenten få kommentar frå medstudentar og lærar på utkast til oppgåva dei skriv. Dette inneber at studentane og kommenterer andre sine utkast. Den tredje og endelege leveringa av oppgåva er den som tel med i karakteren på emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må delta i seminararbeid. Dette omfattar

  • innlevering av to utkast til ei skriftleg oppgåve
  • kommentering av utkast til to medstudentar.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Mappevurdering som inneheld ei oppgåve og skriftlege kommentar til andre sine utkast.

Studenten skal skrive ei oppgåve. Det er tredje og endeleg versjon av oppgåva som tel med når karakteren skal fastsetjast.

Oppgåva skal ikkje overskride 4000 ord og skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta.


Studenten skal og skrive kommentarar på oppgåveutkasta til to medstudentar.
Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Både oppgåva og dei skriftlege kommentarane til andre sine utkast tel med når endeleg karakter skal fastsetjast

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum skal vere på omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon