Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeALLV111
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå antikken fram til mellomalderen/renessansen. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.ALLV111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå antikken til mellomalder/renessanse
- god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå antikken til mellomalder/renessanse
- gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå antikken og fram til mellomalder/renessanse
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp til ALLV102 10 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, praktiske skriveøvingar og diskusjon i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per veke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på maks 1500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet. Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og i to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
6-timars skuleeksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.
Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjend pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 02.06.2023, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Trekkfrist
- 19.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 4. etg.