Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeALLV114
- Talet på semester1
- Språk Norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet består av eit utval av sentrale litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 og fram til i dag.
Undervisninga søkjer å få fram dei viktigaste historiske linene og systematiske skiljelinene i den moderne litteraturteorien.
ALLV114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar i den nyare litteraturteorien frå omkring 1915 til i dag.
- god kjennskap til teoretiske problemfelt i den nyare litteraturen
Ferdigheter
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå beskrive, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå skildre, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp til ALLV104 15 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal svare på inntil fem oppgåver som vil vere tilgjengelege på Mitt UiB. Studentane har fem dagar til å svare på oppgåvene. Oppgåvesvara skal vere i Timew New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet. Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gydlig i undervisningssemesteret og i to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen i ca. 30 minutt kor ein kan bli prøvd i heile pensum.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensumet er samansett av et større utval av litteraturteoretiske tekstar og innføringsverk i moderne litteraturteori.
Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Eksamensperiode
- 07.12.2022–09.12.2022
- Trekkfrist
- 23.11.2022