Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet består av eit utval av sentrale litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 og fram til i dag.

Undervisninga søkjer å få fram dei viktigaste historiske linene og systematiske skiljelinene i den moderne litteraturteorien.

ALLV114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

- gode kunnskapar i den nyare litteraturteorien frå omkring 1915 til i dag.

- god kjennskap til teoretiske problemfelt i den nyare litteraturen

Ferdigheter

Etter fullført emne kan studenten

- på eit grunnleggjande nivå beskrive, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

- på eit grunnleggjande nivå skildre, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.

- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form

- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Overlapp til ALLV104 15 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar i veka i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal svare på inntil fem oppgåver som vil vere tilgjengelege på Mitt UiB. Studentane har fem dagar til å svare på oppgåvene. Oppgåvesvara skal vere i Timew New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Faglærar godkjenner obligatorisk undervisningsaktivitet.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen i ca. 30 minutt kor ein kan bli prøvd i heile pensum.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering, vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensumet er samansett av et større utval av litteraturteoretiske tekstar og innføringsverk i moderne litteraturteori.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium