Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap: Litteraturvitskapleg fordjupingsemne I

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studenten fordjupande innsikt i ei retning, eit forfatterskap eller eit problemområde. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere verk og litteraturteori, samt posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde slik at det kan komme til nytte i ulike faglege samanhengar
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen med eit omfang på ca. 2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Eventuell framside, litteraturliste og vedlegg er ikkje med i ordtellinga.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.11.2020, 13:00
    Innleveringsfrist
    27.11.2020, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen