Litteraturteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir studenten ei teoretisk og fordjupande innsikt i ei litteraturteoretisk retning eller eit litteraturteoretisk forfattarskap.

Studiet gir studenten ei grundig forståing for eit avgrensa teoretisk felt eller ein teoretikar i allmenn litteraturvitskap, og øver studenten i kritisk og sjølvstendig forståing av hovedspørsmåla knytt til litteraturteori i det allmenn litteraturvitskaplege faget.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innafor litteraturvitskapleg teori
  • ei kritisk og sjølvstendig forståing av hovedspørsmåla knytt til litteraturteori

Ferdigheiter

Studenten kan

  • reflektere over dei teoretiske spørsmåla emnet omhandlar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere litteraturteoriske perspektiv
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Fulltid/deltid

Full time

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon om studenten har fullført innføringsemna og ALLV111, ALLV112, ALLV113, ALLV114 eller liknande emne.
Studiepoengsreduksjon
Ingen, men studentar som har tatt/tar ALLV201, må i samråd med faglærar sikre at pensum har ulikt innhald for å kunne få full studiepoengutteljing for ALLV221.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar (normalt 2-3 timar per veke i maks 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ein fire timars skoleeksamen.
Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering, vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum i det litteraturteoretiske særområdet omfattar fem til seks verk. Av desse skal to verk eller tekstutval vere litterære tekstar og minst tre til fire skal vere teoretiske. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen.
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium