Litteraturvitskapleg bacheloroppgåve
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeALLV250
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir studentene fordjupande innsikt i ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde. Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Våren 2021 må du velje mellom to ulike tema for kurs/undervisning i dette emnet:
Tema 1 er «Litterær form og formalisme(r)» ved Gisle Selnes. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV201, ALLV303 og ALLV304.
Tema 2 er «Bjørnson, Ibsen og realismen i Norden» ved Frode Helmich Pedersen. Kurset/undervisinga har fellesundervisning for dei som veljar dette tema og som avlegg eksamen i ALLV202, ALLV303, ALLV304 og NOLI312.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har
- gode kunnskapar om eit litteraturvitskapleg problemområde og særleg temaet som blir behandla i bacheloroppgåva
Ferdigheiter:
Studenten kan
- vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
- demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur som er relevant for problemstillinga
- vise ferdigheiter i å analysere eit eller flere litterære verk, forskingslitteratur, posisjonere forskingslitteraturen litteraturteorietisk
- evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid
Generell kompetanse:
Studenten har
- grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid
- kompetanse i fagleg kommunikasjon
- evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilsvarande ALLV111-114.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje relevant
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.
Det vert gitt undervisning i fleire tema kvart semester, og studentane vel eitt av dei ved undervisningsmelding til ALLV250. Kvart tema har felles undervisning med eitt av emna ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I, ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II, RET206 Litteraturvitskapleg retorikk, eller KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur. Tema og utval vil variere frå semester til semester. Studentar kan ikkje velje same tema på fleire emne i graden.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere eit utkast på maks 1000 ord midt i semesteret som skal kommenterast av ein til to medstudentar. Det er obligatorisk å kommentere minimum eitt utkast frå ein medstudent. Kommentarane må godkjennast av faglærar.
I tillegg er det obligatorisk å ha ei rettleiing med faglærar. Rettleiing avtalast med faglærar som underviser kurset studenten er undervisningsmeld i.
Vurderingsformer
Eksamen består av to deler som kvar tel 50 % av endeleg karakter:
- Bacheloroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord). Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Eventuell framside, litteraturliste og vedlegg er ikkje med i ordtellinga.
- Munnleg eksamen der det blir eksaminert både i bacheloroppgåva og i resten av pensumet.
Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.
Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar blir publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 05.05.2021
Eksamensdel: Rettleidd bacheloroppgåve
- Innleveringsfrist
- 19.05.2021, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Munnleg eksamen