Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Litteraturvitskapleg fordjupningsstudium med bacheloroppgåve

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentene fordjupande innsikt i ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde. Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • gode kunnskapar om eit litteraturvitskapleg problemområde og særleg temaet som blir behandla i bacheloroppgåva

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur som er relevant for problemstillinga
  • vise ferdigheiter i å analysere eit eller flere litterære verk, forskingslitteratur, posisjonere forskingslitteraturen litteraturteorietisk
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse:

Studenten har

  • grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid
  • kompetanse i fagleg kommunikasjon
  • evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande ALLV111-114.

Studiepoengsreduksjon

Ikkje relevant

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere problemstilling og litteraturliste innan fastsatt frist tidleg i semesteret. Det er obligatorisk å ha fire rettleiingar med faglærar.

Problemstilling og litteraturliste leveres til fagkoordinator Erik Bjerck Hagen på epost, Erik.Hagen@uib.no. Ein viktig del av oppgåva er at ein er kan definere eigen problemstilling og reflektere rundt denne.

Vurderingsformer

Rettleidd bacheloroppgåve med eit omfang på 5250-7000 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Eventuell framside, litteraturliste og vedlegg er ikkje med i ordtellinga.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    19.05.2021, 13:00
    Trekkfrist
    05.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen