Hjem
Utdanning
Masteremne

Litteraturvitskapleg grunnkurs

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ALLV301 tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. I tillegg omfattar emnet ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan, som er grunnlag for tildeling av rettleiar. 

ALLV301 er eit praktisk innføringskurs som skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan.  

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- har omfattande kunnskap om eit sjølvalt felt i litteraturvitskapen

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan finne relevant forskingslitteratur

- kan planlegge og strukturere eit støre forskingsarbeid

- kan diskutere sitt eige og andre sine forskingsarbeid munnleg

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan utarbeide relevante problemstillingar og meistre arbeidsmetodar som trengst for å jobbe sjølvstendig med eit lengre litteraturfagleg arbeid

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som seminarsamlingar, men omfattar også gruppearbeid, eigne arbeid, felles og individuell rettleiing. Normalt omfang er omlag 30 undervisningstimar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen vert det kravd at studenten har teke del i minst 75 prosent av undervisninga i emnet ALLV301. Studenten skal òg løyse to til tre oppgåver. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar.

Vurderingsformer

ALLV301 skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med arbeidsplan (inntil 8 sider).

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er sett saman av ei tekstsamling (kompendium) m.a. av tidlegare godkjende prosjektskisser, utdrag frå tidlegare godkjende hovud/masteroppgåver og andre litteraturvitskapelege tekstar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    09.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    25.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen