Hjem
Utdanning
Masteremne

Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

F.o.m. våren 2020 blir ALLV302 undervist om våren.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

ALLV302 omfattar sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor moderne litteraturvitskap og vil såleis danne grunnlag for sjølvstendig arbeid med litteraturfaglege spørsmål.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- har brei og inngåande kjennskap til litteraturfaglig teori, fortolkning og metode

Ferdigheiter

Kandidaten

- diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan arbeide kritisk og systematisk med sentrale problemstillingar innanfor litteraturfaget.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

ALLV302 blir vurdert på basis av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord)

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

F.o.m. våren 2020 vil ALLV302 ha ordinær vurdering om våren med vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval tekstar av sentrale bidragsytarar til moderne litteraturteoretiske og metodiske felt. Sjå eiga pensumliste.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    11.11.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    18.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    28.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen