Hjem
Utdanning
Masteremne

Litteraturvitskapleg særemne I

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Hausten 2019 kan ein velje mellom to kurs: Litteraturkritikk: Kvalitet, smak, dømmekraft v/ Erik Bjerck Hagen eller Kritisk teori / Frankfurterskolen v/ Arild Linneberg. Studenten veljer eitt kurs i Studentweb.Det er ikkje mogleg å velje same kurs under ulike emnekodar. Sjå litteraturlista for meir informasjon om kursa.

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

ALLV303 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.

Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- får avansert kunnskap om eit avgrensa felt av litteraturvitskapen, for eksempel ein genre, eit forfattarskap, ei litterær epoke.

Ferdigheiter

Kandidaten

- får oppøving i kritisk og sjølvstendig handsaming av fagets teoriar og metodar.

Generell kompetanse

Kandidaten

- får oppøving i å formidla litteraturvitskapleg kunnskap munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på (1) masterprogram i allmenn litteraturvitskap eller (2) masterprogram i nordisk språk og litteratur ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

ALLV303 blir vurdert på basis av ein 7 dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord)

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum i ALLV303 skal bli sett saman av ca åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    20.11.2019, 13:00
    Innleveringsfrist
    27.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen