Litteraturvitskapleg særemne II
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeALLV304
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.
ALLV304 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.
Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar.
Våren 2022 vel du i dette emnet mellom tre kurs/pensum, anten
"Krimlitteratur: klasse, kjønn, kvalitet" (felles kurs for dei som vel dette pensumet i ALLV201/ ALLV250/ ALLV303/ ALLV304/ NOLI321)
eller
"Litteraturvitenskapelig retorikk" (felles kurs for dei som vel dette pensumet i RET206/ ALLV250/ ALLV304)
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
- får avansert kunnskap om eit avgrensa felt av litteraturvitskapen, for eksempel ein genre, eit forfattarskap, ei litterær epoke.
Ferdigheiter
Kandidaten
- får oppøving i kritisk og sjølvstendig handsaming av fagets teoriar og metodar.
Generell kompetanse
Kandidaten
- får oppøving i å formidla litteraturvitskapleg kunnskap munnleg og skriftleg.
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant
Studiepoengsreduksjon
Ikkje relevant
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal innan fastsatt frist legge fram tema for prøveforelesinga for faglærar. Frist blir kunngjort på Mitt UiB. Faglærar godkjenner tema. Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semster.
Vurderingsformer
Prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema som studenten har arbeidd med gjennom semesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum i ALLV304 skal bli sett saman av ca åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Prøveforelesing
- Dato
- 09.06.2022
- Trekkfrist
- 25.05.2022
Vurderingsordning: Prøveforelesing (Ny eksamen)