Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i faget. Det vil bli lagt vekt på å få fram:

  • grunntema i samfunnsvitskapleg teori og særtrekk ved administrasjon og organisasjonsvitskap i skjeringsfeltet mellom organisasjon/administrasjonsforsking og statsvitskap.
  • korleis analysemåtane i faget artar seg på ulike utvalde empiriske og tematiske nedslagsfelt
  • sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon
  • oppbygging og verkemåte til sentrale politisk-administrative institusjonar
  • vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for faget

Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og organisering som forklaringsfaktor i analyse av forskingsresultat frå empiriske undersøkingar av sektorar i offentleg politikk.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Gjera greie for grunntema i samfunnsvitenskapelig og særleg statsvitenskapeleg teori.
  • Gi ei oversikt over sentrale perspektiv i faget i skjeringsfeltet mellom organisasjonsforkning og statsvitenskap
  • Gjera greie for det sentrale vitskapsteoretiske og metodiske fundamentet for faget.
  • Gi ei oversikt over sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon.
  • Gjere greie for norske politiske og administrative institusjonar.

Ferdigheiter

  • Bruke teoriar om politikk og administrasjon til å analysere politisk-administrative institusjonar.

Generell Kompetanse

  • Kunna skrive faglege tekstar som reflekterer hovudprinsippp for akademisk skriving.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG100B.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar. Det vert omkring 20 førelesingar og 12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (minimum 75 %) og ei skriftleg gruppeoppgåve 2500 ord (+/- 10 %). Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Arbeidsoppgåvene og oppmøte må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Heimeeksamen, ei veke, med utgangspunkt i eit empirisk døme, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen tilbys ikkje i påfølgjande semester. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.  

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.11.2022, 09:00
    Innleveringsfrist
    06.12.2022, 14:00
    Trekkfrist
    16.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen