Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Organisasjonsteori

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/Vår

Mål og innhald

Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.

Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.

 

Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:

  • Kva kjenneteiknar organisasjonar i offentleg sektor når det gjeld oppgåver, organisasjonsformer, leiing og ytre arbeidsføresetnader?
  • Korleis fungerer byråkrati og kva er dei samfunnsmessige føresetnadene for byråkratiet?
  • Organisasjonsendring er ofte eit resultat av reformstrategiar hjå sentrale myndigheiter, men kva lærer organisasjonane frå slike reformar?
  • Kva rolle spelar makt og autoritet for kor godt organisasjonar klarar å løyse sine oppgåver?
  • Kva slags former for leiing kan ein identifisere og korleis samverkar leiingsformer med organisasjonstypar, sektoreigenskapar og eigenskapar ved nasjonale kulturar?
  • Korleis kan ulike måtar å organisere på fremje bestemte formål og gruppeinteresser og stenge andre ute?
  • Kvifor vert det etablert stadig fleire styringsnettverk og meta-organisasjonar, og korleis kan vi forstå dei i ein organisasjonsteoretisk samanheng?

Kurset gir ei oversikt over klassiske og nyare perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir hovudsakeleg henta frå offentleg sektor, men det samanliknast også med organisasjonar i privat og frivillig sektor. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Perspektiv i organisasjonsfaget, med vekt på organisasjonsteori for offentleg sektor. Del 2: Organisasjonsåtferd der det vert lagt vekt på team som leiing, styring, reformar og organisasjonsendring og læring og innovasjon. Vi vil også sjå nærare på organisasjonsstruktur og makt og konflikt i organisasjonar.  Del 3: Nyare organisasjonsformer som nettverks- og metaorganisasjonar. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • Gjere greie for omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar
  • Gjere greie for omgrep og problemstillingar innan emna struktur, konflikt, organisasjon-omgivnader, organisatoriske grenser, leiing og endring
  • Gjera greie for dei tre hovedperspektiva; instrumentelt, kulturelt og omgivnader (myte)
  • Gjere greie for det særeigne ved organisasjonsfaget vs andre fag.

Ferdigheter

Studenten kan

  • bruka relevante faglege omgrep for å få innsikt om konkrete organisasjonar.
  • identifisera og forstå viktige trekk ved konkrete organisasjonar
  • bruka ulike teoriar i analyse av organisasjonar
  • bruka organisasjonsfaglege omgrep for å forstå aktuelle utfordringar i samfunnet

Generell kompetanse

 Studenten kan ..

  • forstå kjernen i fagleg argumentasjon
  • diskutera og forhalda seg kritisk fagstoff og fagleg argumentasjon
  • planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som deltaker i gruppe , og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • setja seg inn i nye faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope emne

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. 12-13 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeoppgåve 2500 ord (+/-10%). Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Ei veke (7 dagar) heimeeksamen 3500 ord (+/-10 %)
  • Fire timar skuleeksamen

Heimeeksamen og skuleeksamen tel likt, ein samla karakter vil bli gitt på mappa.

Oppdatering: Vurderingsform endra frå mappevurdering til 1 vekes heimeeksamen hausten 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. (Ingen skuleeksamen hausten 2021. Heimeeksamen utgjer 100% av karakteren)

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.  

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)

    Oppgave utleveres
    23.09.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    30.09.2021, 14:00
    Trekkfrist
    09.09.2021
    Andre opplysninger
    Du er meldt opp til eksamen siden du har gyldig fravær vår 2021. Du må trekke deg innen fristen dersom du ikke skal ta eksamen i emnet.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    18.11.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    24.11.2021, 14:00
    Trekkfrist
    04.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen