Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Politikk og forvalting

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å gi ei innføring i organiseringa og verkemåten til dei sentrale institusjonane i det norske politisk-administrative systemet. Fokus vert retta mot korleis politiske og administrative strukturar og prosessar på nasjonalt, regionalt, lokalt og overnasjonalt nivå påverkar utforminga av og innhaldet i offentlege tiltak.

Kurset gir kunnskap om storting, regjering, sentralforvaltning, fylkeskommunale og kommunale styringsorgan. Forholdet mellom aktørar og grupperingar i samfunnet og det politisk-administrative styringsverket er også sentrale tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • Gjenkjenna og gjera greie for dei viktigaste institusjonane i det norske politisk- administrative systemet, som Storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan.
  • Gjera greie for korleis politikk blir påverka ved utforming og iverksetting, av forvaltninga, av interessegrupper, borgarar og andre krefter og aktørar

Ferdigheter

Studenten kan

  • Drøfta utfordringar og problem i det politisk-administrative systemet
  • Gjera analysar av korleis utforming og iverksetting av offentleg politikk blir forma av politisk-administrative rammer

Generell kompetanse

Studenten kan

  • sjølvstendig analysera og vurdera kunnskap frå ulike kjelder
  • planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som deltakar i gruppe , og i tråd med etiske krav og retningsliner.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG100A / AORG100B

Studiepoengsreduksjon

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til NUTR220.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Ei førelesning og ei seminarsamling

10-14 veker

Det vert omkring 12- 16 førelesingar og 8 - 12 seminarsamlinger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk arbeidskrav i form av ei gruppeoppgåve 2500 ord (+/- 10%). Gruppeoppgåva må vere godkjend før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Fire timar skriftleg skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.  

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    30.11.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    16.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen