Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

EU og internasjonale organisasjonar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å gi ei grunnleggjande innsikt i og oversikt over institusjonar og institusjonalisering på det som kan kallast det internasjonale eller overnasjonale styringsnivået. Hovudfokus vil vera på EU og nokre sentrale internasjonale organisasjonar (til dømes WTO, OECD, FN og Attac), samt Noreg sitt forhold til desse. Emnet vil handle om organisasjonsformer og politikk på dette nivået, medrekna forvaltningsapparat, representative organ, domstolar og sivilsamfunnet. Det vert lagt vekt på, og drøfta, slike institusjonar med utgangspunkt i politisk teori og organisasjonsteori.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • gi ei oversikt over organiseringa av og verkemåten til sentrale organisasjonar på det internasjonale eller overnasjonale styringsnivået som har innverknad på norsk politikk og politiske prosesser.
  • Gjera greie for ulike teoriar om etableringa, framveksten, funksjonane og påverknaden til internasjonale organisasjonar.

Ferdigheter

Studenten kan:

  • forklara bakgrunnen for og framveksten av desse organisasjonane
  • drøfta utviklinga av organisasjonar på det internasjonale eller overnasjonale styringsnivået i lys av politisk teori
  • vurdera internernasjonale organisasjonar i lys av demokratiske og rettslige kriterier

Generell kompetanse

Studenten kan.

  • vurdera nasjonale institusjonar og politiske prosessar i lys av internasjonale institusjonelle utviklingstrekk
  • innhenta ny kunnskap, kritisk vurdera og formidla den

Krav til forkunnskapar

None

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Oppdatering: Vurderingsform endra frå skuleeksamen til 8 timars heimeeksamen hausten 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Oppgave utleveres
    02.12.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    02.12.2020, 17:00
    Trekkfrist
    18.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen