Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeAORG212
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår/irregulær undervisning

Mål og innhald

Klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik representerer store, komplekse samfunnsutfordringar som gir store styringsutfordringar på fleire nivå og i ulike sektorar. Emnet «Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar» gir innsikt i studiet av politisk styring, organisering og regulering av slike uregjerlege samfunnsproblem. Kurset siktar mot å styrke studentane sine evner til å drøfta og analysera problemstillingar kring desse temaa og politikkområda på ein sjølvstendig og kritisk måte. Vidare gir emnet eit grunnlag for ytterlegare fagleg fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Gjenstridige og uregjerlege problem er kjenneteikna av at dei går på tvers av myndigheitsorgan, forvaltingsnivå, og offentleg/privat sektor. Klima, kriser og samfunnstryggleik er typiske døme på slike grenseoverskridande problem og politikkområde. Dei krev handtering og koordinering på globalt, nasjonalt og lokalt nivå, samt deltaking frå mange ulike myndigheitsorgan, statlege og private aktørar, organisasjonar, og befolkninga elles. Både styringskapasitet og styringslegitimitet er viktig, og samstundes utfordrande. Sentrale spørsmål er kva styringsmoglegheiter staten, lokale myndigheiter eller internasjonale organisasjonar har, kva slags politikk som får gjennomslag, korleis slike politiske initiativ og vedtak blir til, korleis styring går føre seg, korleis myndigheitene organiserer seg for å gjennomføra vedtatt politikk, og kva slags konsekvensar ulike former for organisering, styring og regulering har.

Emnet tar særleg sikte på å studera korleis organisering, styring og regulering av gjenstridige og uregjerlege problemer blir til, går føre seg i praksis, og blir utvikla. Kva slags strategiar finst og kva tiltak tar ein i bruk for å handtera slike problem? Korleis organiserer staten seg? Korleis byggjer ein styringskapasitet og styringslegitimitet? Kva betyding har internasjonale organisasjonar? Kven deltar i avgjerder, og på kva premissar? Sentralt er også korleis organisering, styringspraksis og regulering påverkar moglegheita for samordning, problemløysing og demokratisk deltaking. Kurset gir særleg kunnskap om aktuell forsking, teori og metodiske tilnærmingar på fagfeltet, med særleg merksemd på norske forhold.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale styringsutfordringar som gjeld handtering av klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik, og aktuell forsking om dette.
  • kan definera og forstå sentrale kjenneteikn ved gjenstridige, komplekse og uregjerlege samfunnsproblem.
  • har grunnleggjande kunnskap om styringsorgan på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå med ansvar for handtering av klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik, med særleg vekt på norske forhold.
  • har kjennskap til sentrale statsvitskaplege problemstillingar og tilnærmingar til styring, organisering og regulering av uregjerlege samfunnsproblem.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • presentera, drøfta og vurdera ulike faglege bidrag på feltet, irekna aktuelle teoretiske og metodiske tilnærmingar.
  • bruka kunnskapen frå kurset til å utvikla fagleg funderte problemstillingar og forskingsopplegg knytt til organisering, styring og regulering av uregjerlege samfunnsproblem.
  • bruka omgrep, teori og relevante metodiske tilnærmingar for å analysera handtering av uregjerlege problem nasjonalt, lokalt og/eller internasjonalt.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • systematisera og formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg gjennom eigne arbeid og presentasjonar.
  • forstå og formidla betydinga av offentleg organisering, styring og regulering for utforming og gjennomføring av politikk og politiske vedtak på dei aktuelle politikkområda som kurset gir innsikt i.
  • bidra til praktisk bruk av sentrale omgrep, teori, forskingsmetodar og fagleg innsikt innanfor fagområdet.
  • vurdera aktuell styring, organisering og regulering på feltet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG109/AORG107

Studiepoengsreduksjon

AORG209 (10 sp)

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Munnleg gruppepresentasjon om oppgitt tema
  • Delta på seminar (100% oppmøte)

Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Emneevaluering

I samsvar med UiB sine retningslinjer om evaluering.