Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kunnskapens institusjonar, ekspertise og politikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeAORG214
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår/irregulær undervisning

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje innsikt i dei mest sentrale teoriane om relasjonar mellom kunnskapen sine institusjonar, ekspertise og politikk. Emnet skal gje innsikt i ulike forskingstradisjonar og tilnærmingar i studiet av kunnskapsproduserande institusjonar, ekspertise/kunnskapsgrupper og profesjonar, og korleis dei er blitt forma og omforma gjennom politiske prosessar.

Emnet fokuserer på relasjonar mellom kunnskapen sine institusjonar, ekspertise og politikk, på kunnskapen si strategiske rolle i utforminga av politikk, og på politikken si rolle i utforminga av kunnskapen sine institusjonar.

Eit sentralt tema er forholdet mellom ekspertstyre og politisk struktur, mellom politisering på den eine sida og byråkratisering, profesjonalisering og utvikling av ekspertkunnskap på den andre sida. Eit anna er knytt til utviklinga av kunnskapsinstitusjonar av ulike slag, frå barnehagen og grunnopplæringa til høgare utdanning. Over tid er det blitt konstruert samanhengande utdanningssystem, der kvar av desse institusjonane og relasjonane mellom dei er blitt gjort til gjenstand for politisk styring gjennom eigne administrasjonsordningar og reguleringar. Demokratisering har skapt føresetnadar for massifisering og universalisering av desse institusjonane. Samstundes har dei også blitt til gjenstand for nye målsettingar knytt til den nye kunnskapsøkonomien.

Det tredje temaet fokuserer på separasjonen mellom kunnskapsproduksjon og utdanning, og utviklinga av eit eige forskingssystem. Den nye kunnskapsøkonomien har her lagt grunnlaget for krav om at all forsking skal organiserast inn i ein brukskontekst og for utviklinga av nye organisasjonsformer som er tilpassa slike føremål, frå evidensbaserte einingar til senter for framifrå forsking og innovasjon. Ein kan også identifisere aukande politisering av kunnskapen gjennom utvikling av tenketanker med klare politiske bodskap der agendasetting og politisk bruk av kunnskap står i sentrum.

Emnet er retta mot analysar av kunnskapsutvikling, politisering og organisering, og samband mellom slike prosessar. Sentralt står ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar som tar opp forholdet mellom politisering på den eine sida og de-politisering i form av profesjonalisering, korporativisering og ekspertstyre på den andre sida. Empirisk vil emnet fokusere på kunnskapspolitikk og utdanning/forskingssektoren, men også på relasjonar til andre samfunnsfelt eller sektorar. Litteraturen vil vere både historisk og komparativt innretta, og omfattar samanlikningar over tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for dei mest sentrale teoriane om relasjonar mellom kunnskapen sine institusjonar, ekspertise og politikk.
  • gjere greie for ulike forskingstradisjonar, tilnærmingar i studiet av kunnskapsproduserande institusjonar, kunnskapsgrupper og profesjonar, og korleis dei har blitt forma.
  • gjere greie for ulike metodar som blir nytta i studiet av kunnskapsproduserande institusjonar, kunnskapsgrupper og profesjonar, og korleis dei har blitt forma.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • presentere teoretiske tilnærmingar som det har vore undervist i innan emnet.
  • diskutere teoretiske og metodiske tilnærmingar i studiet av forholdet mellom politikk, ekspertise og kunnskapens organisering, og identifisere styrker og veikskapar ved desse.
  • nytte metodiske tilnærmingar i studiet av forholdet mellom politikk, ekspertise og kunnskapens organisering å identifisere styrker og veikskapar ved desse.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • generell kompetanse innan disiplinen.
  • kompetanse til å presentere og diskutere teoriar og forsking på ein analytisk måte.
  • evne til å evaluere forskingsresultat og bruk av teoretiske perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG109/AORG107

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Munnleg gruppepresentasjon om oppgitt tema
  • Delta på seminar (100% oppmøte)

Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Emneevaluering

I samsvar med UiB sine retningslinjer om evaluering.