Hjem
Studentsider
Masteremne

Organisasjonsteori

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å hjelpe studenten til å forstå og bruke organisasjonsteori i studiet av offentleg politikk og forvaltning på ein sjølvstendig og kritisk måte. Klassiske og nyare organisasjonsteori og institusjonell teori står sentralt. Desse gjer innsikt i forskjellige teoretiske retningar i faget, samt innsikt i korleis ulike formar for og verkemiddel knytt til organisering vert nytta i praksis. Det vert lagt vekt på å førebu studenten på sjølvstendig bruk av teoritradisjonane i empirisk analyse knytt til arbeidet med masteroppgåva. På masternivå har organisasjonsteorien eit meir avansert siktemål enn på bachelor-nivå .. Kurset skal hjelpe studenten 1) å nytta organisasjonsteori i eigen forsking, 2) å oppnå ei djupare og klårare forståing av grunnleggjande omgrep og utkrystallisering i ulike retningar eigna til å klargjera ulike typar av problem og 3) å identifisera sentrale forskingsbidrag som ligg i front internasjonalt.

Emnet er bygd opp omkring fire sentrale sider ved faget:

  1. Sentrale tema og problemstillingar i klassiske og nyare bidrag i studiet av formelle organisasjonar.
  2. Historiske utviklingslinjer i organisasjonsteori, spesielt i høve til studiet av offentleg forvaltning og politikk.
  3. Organisasjonsteoretiske tilnærmingar som bind saman studiet av offentleg forvaltning og politikk
  4. Empiriske studiar av organisering og organisasjonar i (eller med relevans for) offentlig forvaltning

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten

  • har inngåande og avansert kunnskap om nyare organisasjonsteori og institusjonell teori
  • kan gje eit systematisk oversyn over nyare organisasjonsteori og institusjonell teori og korleis teorien vert nytta i studiet av offentleg forvaltning og politikk.
  • kan gjera greie for den historiske utviklinga av fagfeltet
  • kan bruke kunnskapen til å analysere relevante faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie og egenart

Ferdigheter

Studenten

  • kan utvikle og presentere kritiske vurderingar av fagleg litteratur
  • kan drøfta og vurdera relevansen av ulike faglege bidrag i møte med ulike samfunnsproblem
  • kan setja seg systematisk inn i eit teorifelt
  • kan bruka organisasjonsteori og institusjonell teori i eit sjølvstendig forskingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka fagkompetansen på nye område og tema
  • kan gjera sjølvstendige faglege vurderingar av relevante organisasjonar og institusjonar i samfunnet
  • kan formidle og diskutere avanserte faglege resonnement til andre
  • kan bidra til praktisk anvending av relevant faglig innsikt i skriftleg og munnleg drøfting med relevante aktørar i offentleg politikk og forvaltning
  • kan medverke til teoretisk nytenking og utvikling av fagområdet

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

Fullstendig overlap og total poengreduksjon med AORG320B.

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

8-9 førelesningar og seminar. Studentane forventast å ta aktiv del i diskusjonen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av eit kortare essay (2000 ¿ 2500 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera ein skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

3 dagars heimeeksamen, om lag 5000 ord

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    09.11.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    12.11.2020, 14:00
    Trekkfrist
    26.10.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen