Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføringskurs i arabisk språk og kultur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi grunnopplæring i moderne standardarabisk og oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda (geografi, historie, religion, språk, etc.).

Emnet ARA100 skal formidle forståing for arabisk skriftsystem, fonetikk og enkelte tema i moderne arabisk morfologi og syntaks. I tillegg formidlar emnet basisforståing for arabisk realia.

Studentane skal lære arabisk alfabet, uttale, oppnå ein viss lese- og skrivekompetanse. Studentane får ein introduksjon i enkelte tema i moderne arabisk grammatikk. I tillegg blir tema om arabisk språkhistorie, religion og tidlig historie tatt opp.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten beherskar arabisk skrift og uttale.

- Studenten har eit ordforråd på ca. 350 ord.

Ferdigheiter

- Studenten kan gjere greie for enkelte tema i arabisk grammatikk.

- Studenten kan lese og omsette enkle nivåtilpassa arabiske tekstar.

- Studenten kan både munnleg og skriftleg gjere greie for enkelte tema (kan til dømes presentere seg sjølv, stille og svare på spørsmål om familie, studie, mat, bustad, reise og land).

Generell kompetanse

- Studenten har eit oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda.

- Studenten har lært seg det arabisk skriftsystemet og uttale.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre dette emnet, må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. Det blir tilrådd at studentar som har lite erfaring med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vil studiepoenguttellinga for ARA100 bli redusert om emnet vert kombinert med ARA101 (5 stp. reduksjon) eller ARA621 (10 stp. reduksjon)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt to dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 48.

Emnet tel to komponentar:
Komponent 1, om lag 40 timar, inneheld førelesingar i arabisk alfabet, uttale og grammatikk kombinert med øvingar, omsetjing, samtaler og liknande.
Komponent 2, om lag 8 timar, inneheld førelesingar i kultur og samfunn.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder.

Det blir forventa at studentane brukar ca. to til fire timar per dag på sjølvstudium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 18 av 24 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.
Studentane skal òg levera minst 2 kortare øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er éin skriftleg eksamen på tre timar. Eksamenen er sett saman av dei to komponentane arabisk språk, og kultur og samfunn. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale resursar tilpassa kursopplegget. Cirka 80 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    28.11.2018, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    14.11.2018