Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnkurs i moderne standardarabisk I

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi grunnopplæring i moderne standardarabisk. I tillegg gir emnet oversyn over tidleg arabisk litteraturhistorie.

Studentane vidareutviklar uttale og lese- og skriveferdigheiter. Dei lærer grunntrekka i moderne arabisk grammatikk, og vidareutviklar evne i å kommunisere på arabisk om daglegdagse tema. Studentane begynner å utvikle strategiar for å kjenne att lingvistiske mønster, uttrykk og setningar.

Emnet byggjer på ARA100, og er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Emnet ARA111 skal formidle forståing for arabisk morfologi, syntaks og arabisk kultur og samfunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten har eit ordforråd på ca. 800 ord.

- Studenten har utvida kunnskap om arabisk grammatikk.

Ferdigheiter

- Studenten kan lese og omsetje nivåtilpassa arabiske tekstar.

- Studenten kan omsetje enkle nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk.

- Studenten kan kommunisere om enkle og nære tema i tilpassa situasjonar på moderne standard arabisk (MSA).

- Studentane kan trekke ut informasjon frå ukjende tekstar og munnleg kommunikasjon i tema som er relatert til dagligliv, studie, reise, etc.

Generell kompetanse

- Studenten har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.

- Studenten har kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema.

- Studenten har kjennskap til tidleg utvikling av arabisk litteratur.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. Det blir tilrådd at studentar har førekunnskapar som svarar til ARA100. Det blir tilrådd at studentar som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vil studiepoengutteljinga for ARA111 bli redusert om det vert kombinert med emna ARA101 (50 % overlapp,15 stp. reduksjon) eller ARA622 (100 % overlapp, 15 stp. reduksjon).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt seks dobbeltimar førelesing i veka i seks veker. Til saman vil talet på kontakttimar vere om lag 72. 

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder. Det blir forventa at studentane brukar ca. 2-4 timar per dag på sjølvstudium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Det er også krav om å gjennomføre ei munnleg prøve. Denne vert også vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per skriftlege oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjent ved fyrste innlevering. Då har studenten 48 timar på seg til å levere inn sitt andre forsøk. Studenten får berre eit forsøk til å ta den munnlege prøva.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på fire timar. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Viss leiinga ved UiB gir beskjed om å kansellere skriftleg skoleeksamen i sal som tiltak mot spreiing av koronaviruset vert forma for vurderinga endra til skriftleg eksamen heime på fire timar med ein time teknisk tilleggstid.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Cirka 140 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    12.03.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    26.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen