Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Grunnkurs i moderne standardarabisk III

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet vert undervist våren 2019.
Frå og med hausten 2019 vil emnet gå fast kvar haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å halde fram å gi grunnopplæringa i moderne standardarabisk. I tillegg gir emnet oversyn over moderne arabisk litteraturhistorie.

Studentane vidareutviklar uttale og lese- og skriveferdigheiter. Studentane held fram med å tileigne seg grunntrekka i moderne arabisk grammatikk.
Studentane vidareutviklar evna til å kommunisere på arabisk om daglegdagse tema og meir abstrakte samfunnsrelaterte tema.
Studentane vidareutviklar strategiar for å gjenkjenne lingvistiske mønster, utrykk, setningar og tekstar frå forskjellige sjangrar.

ARA113 byggjer på ARA112, og er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Emnet skal formidle forståing for arabisk morfologi, syntaks, moderne arabisk litteraturhistorie og arabisk kultur og samfunn.

Innhald:
Studiet tar opp tema som grunntrekka i moderne arabisk grammatikk, arabisk litteraturhistorie og kultur generelt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten har eit ordforråd på ca. 2000 ord.

- Studenten har oversikt over hovudemna i arabisk grammatikk.

- Studenten har grunnleggjande innsikt i arabisk litteraturhistorie.

Ferdigheiter

- Studenten kan lese, omsetje og gjengi innhaldet i tilpassa autentiske tekstar i ulike sjangrar ved hjelp av ordbok.

- Studenten kan omsetje nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk.

- Studentane kan delta i samtalar om kjende tema i normalt tempo på moderne standard arabisk (MSA).

- Studenten har kunnskap om arabiske media, til dømes nettaviser.

- Studenten kan orientere seg på arabiskspråklege internettsider og hente ut nødvendig informasjon derifrå.

- Studentane kan trekke ut informasjon frå ukjente tekstar og frå munnleg kommunikasjon i tema som er relatert til dagligliv, studie, reise og andre samfunnsrelevante tema.

Generell kompetanse

- Studenten har eit solid grunnlag i arabisk grammatikk på middelnivå.

- Studenten har kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema.

- Studenten har kjennskap til utviklinga av moderne arabisk litteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det blir tilrådd at studentar har førekunnskapar som svarar til ARA112.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA113 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ARA103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt tre dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker.
Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72. Fire av timane er førelesningar i arabisk litteraturhistorie.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder.

Det blir forventa at studentane bruker ca. 2-4 timar per dag på sjølvstudium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på fire timar.

Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok: Hans Wehr, Arabic-English Dictionary.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vurdering skjer i same semester som undervisningssemesteret.
Det er òg vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget.
Cirka 160 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.juni for haustsemesteret og 1.desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    27.11.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    13.11.2019