Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ARA115 har som mål å introdusere studentane for problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap. Emnet hjelper studentane å skaffe seg eit solid grunnlag i ein arabisk dialekt (til dømes dialekt i Kairo eller Bagdad).

Emnet skal formidle forståing for språksituasjonen i dei arabisktalande landa, og måtane å løyse problema som oppstår mellom MSA og dialekt.

Emnet tar opp MSAs og dialektenes bruksområder og diskusjon om dialektenes sosiolingvistiske betyding.
Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten har oversikt over alle hovudemne i arabisk språkvitskap og sosiolingvistikk.

- Studenten har grunnleggande innsikt i ei arabisk dialekt.

Ferdigheiter

- Studenten opparbeider seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne ta for seg problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.

- Studenten kan grunnleggande grammatikk av ei arabisk dialekt.

- Studenten kan forstå, omsetje og gjengi innhaldet i tilpassa autentiske tekstar på dialekt.

- Studenten kan analysere morfologisk og syntaktisk tilpasse autentiske tekstar på dialekt, og samanlikne dei med MSA tekstar.

- Studenten er i stand til å føre ein enkel samtale på ei arabisk dialekt.

- Studenten kan skrive eit sjølvstendig arbeid som formulerer, presenterer og analyserer relevante problemstillingar.

- Studenten kan bruke og reflektere over aktuell vitskapeleg litteratur

- Studenten kan transkribere både MSA og dialekt.

Generell kompetanse

- Studenten har eit solid grunnlag i ei arabisk dialekt.

- Studenten har kjennskap til problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. All undervisninga bygger på ARA112 og ARA113 og føreset gode kunnskapar i arabisk språk og grammatikk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ARA115 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ARA105.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt tre dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker.

Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Emnet har tre komponentar:

Komponent 1, omlag 2 timar i veka, inneheld førelesingar i arabisk språkvitskap og dialektologi.

Komponent 2, om lag 2 timar i veka, inneheld ei innføring i ei arabisk dialekt (til dømes dialekta i Kairo eller Bagdad).

Komponent 3, om lag 2 timar i veka, inneheld munnleg standardarabisk og dialekt.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til lærebøkene og digitale kjelder.

Det blir forventa at studentane brukar ca. 2-4 timar kvar dag på sjølvstudium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisingstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på minimum 29 av 36 førelesingar/øvingar.

Studentane skal gjennomføre ei munnleg prøve, der dei vert testa i dialekt og i MSA. I tillegg er det obligatorisk å levere eit utkast av oppgåva til rettleiing, og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ei rettleidd skriftleg oppgåve på mellom 2500 og 3000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker, digitale ressursar og læremateriale tilpassa kursopplegget. Cirka 260 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.juni for haustsemesteret og 1.desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    20.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen