Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARA211
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ARA211 har som mål at studentane skal fordjupe seg i kunnskapane frå 100-nivået i arabisk gjennom arbeid med og analyse av klassiske og moderne arabiske tekstar i forskjellige sjangrar, til dømes historiske og teologiske tekster, moderne litteratur, medietekstar og bloggar.

Emnet ARA211 skal formidle djupare forståing for språksystemet. Emnet byggjer på 100-nivå, og er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten kan sjølvstendig lese, forstå og omsetje ukjende tekstar i ulike sjangrar ved hjelp av oppslagsverk

- Studenten har ein djupare kunnskap om arabisk morfologi, syntaks og språkstruktur generelt

Ferdigheiter

- Studenten opparbeider seg tilstrekkelege ferdigheiter til å sjølvstendig kunne lese og forstå ukjende tekstar i ulike sjangrar ved hjelp av oppslagsverk.

- Studenten kan skilje mellom ulike sjangrar og kan bruke forskjellige strategiar for å omsetje til norsk.

- Studenten kan lese, forstår og analysere historiske og teologiske tekstar.

Generell kompetanse

- Studenten kan vidareutvikle kunnskap og ferdigheiter i disiplinen på sjølvstendig vis

- Studenten er godt budd på eit masterstudium i arabisk

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. Det blir tilrådd at studentar har førekunnskapar som svarar til ARA113.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA211 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ARA201 og 5 studiepoeng om det blir kombinert med ARA202.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt tre dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til lærebøker og digitale kjelder.

Det blir forventa at studentane bruker ca. 2-4 timar kvar dag på sjølvstudium. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 øvingsoppgåver knytt til utvalde tekstar og digitale kjelder. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen (4 timar) til skriftleg eksamen heime (5 timar), som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok (Hans Wehr, Arabic-English Dictionary) på skriftleg del av eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vurdering skjer i same semester som undervisningssemesteret. Det er òg vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Cirka 70 sider frå læreboka og cirka 40 sider arabiske tekstar, i tillegg til digitale og elektroniske kjelder. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevaluering vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    22.09.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    08.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen