Arabisk mastergradsoppgåve
- Studiepoeng60
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeARA350
- Talet på semester2
- Språk
Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg gransking av eit tema som studenten vel i samråd med rettleiaren eller rettleiarane. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Tema kan veljast fritt innanfor området arabisk språk og kultur. Tema kan også vere av tverrfagleg art.
Læringsutbyte
Ved fullført mastergrad skal kandidaten
- ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
- kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
- kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenna normene for akademisk skriving
- kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kunna uttrykkja faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på arabisk innanfor eige fagområde
- kjenna til relevante kommunikative sjangrar
- kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Tilrådde forkunnskapar
ARA301, ARA302, ARA303 og ARA304, eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk eller engelsk.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir gitt 30 timar rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing
Vurderingsformer
Vurderingsforma er todelt og er sett saman av:
1) Ei masteroppgåve på 70-110 sider med lineavstand 1,5, når ikkje tabellar og vedlegg er medrekna. Oppgåva blir skriven på norsk eller engelsk.
2) Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter. Under den munnlege prøven kan det bli aktuelt med prøving av kunnskapane til kandidaten og av evna til å snakke arabisk.
På grunn av koronasituasjonen vil val av form for munnlg prøve (digital eller fysisk oppmøte) skje i samråd med gjeldande føringar for smittevern. Studentane vil bli informert om valet i god tid før munnleg prøve.
Ein student har høve til å levere same oppgåva på nytt i fall oppgåva er så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Kandidaten må då
a) presentere og gi svar på nye problemstillingar, og/eller
b) trekkje inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller c) gjere ein vesentleg endra analyse og tolking av empirien
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Litteratur og kjelder knytte til masteroppgåva.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 05.05.2021
Eksamensdel: Masteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 02.06.2021, 13:00
Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen