Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (3)
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeARK113
- Talet på semester1
- SpråkUndervisninga vil vere på norsk eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Emnet vert tilbode om våren, men ikkje regelmessig.
Undervisningsstad
UiB
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av menneske fram til 500 f.Kr.
Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i enkelte periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte.
For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her: ARK113
Læringsutbyte
Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden frem til 500 f.Kr.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
- kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
- kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
- kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
- Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.
Generell kompetanse
Studenten:
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar.
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innenfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenter med studierett ved UiB kan søke om opptak til emnet via dette skjemaet.
Søknaden skal innehalde ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.
Fristen for å søke er 15. januar for opptak om våren.
Arbeids- og undervisningsformer
6-10 forelesingar/seminar på laboratorium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei oppgåve på mellom 2500 til 3000 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg artikkel eller rapport
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
AHKR har det administrative ansvaret for emnet.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Oppgåve
- Innleveringsfrist
- 26.05.2021, 13:00
- Trekkfrist
- 12.05.2021