Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr.

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeARK125
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/ engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet vert tilbode uregelmessig.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar i tida 500 f.Kr- 1500 e.Kr. 

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Studiet omfattar perioden frå 500 500 f.Kr- 1500 e.Kr. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege og aktuell forsking.

For omtale av temaet som vert tilbydd i inneverande semester, sjå her:

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: Kunnskapar Studenten:

  • har kunnskap om sentrale temaer, teorier, problemstillinger, prosesser, verktøy og metoder innenfor perioden 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innenfor perioden
  • kjenner til periodens historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
  • kan anvende relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformar som er relevante for forskinga i perioden
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet
  • Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.       

Generell kompetanse Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekter aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

6-10 forelesingar/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei semesteroppgåve om lag 3000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister. Pensum er omlag 1200 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 1.januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap