Feltarkeologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeARK200
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det)
Emnet tilbys ikke våren 2022.
Undervisningsstad
Ved UiB/på arkeologisk feltarbeid
Mål og innhald
Studenten skal få fordjupa kunnskapar om praktisk gjennomføring av arkeologisk feltarbeid. Undervisninga begynner med innsikt i utgravingsprosessen, med ein introduksjon til metodar, teknikkar og rapportkrav. Feltopplæringa i utgravingsmetodar gir introduksjon til digital og manuell oppmåling av felt, ulike utgravingsmetodar, innsamling av funn, prøvetaking, sikring av funn i felt, plan- og profilteikning og verbal dokumentasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om grunnleggjande arkeologisk feltarbeid og dokumentasjon.
Ferdigheiter
Studenten har innsikt i korleis ein går fram under arkeologiske registreringar, korleis ein grev ut, samlar inn funn og prøver, og dokumenterer funn, strukturar og anlegg.
Generell kompetanse
Studenten har generell innsikt i emnet og røynsle med arkeologisk praksis, og korleis resultata frå registreringar og utgravingar skal systematiserast og omsetjast i kunnskap.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er for studentar tekne opp på bachelorprogram i arkeologi ved AHKR, som har fullført ARK100 og ARK110. Emnet har begrensa antall plassar. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vil søkjarane prioriterast etter antal studiepoeng i arkeologi. Opptak til emnet skjer etter søknad på StudentWeb.
Emnet er ikkje obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er delt mellom teoretisk og praktisk opplæring. Den praktiske opplæringa går føre seg under eit arkeologisk feltarbeid (ei veke) og på campus.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på forkurset og feltarbeidet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Rapport frå feltarbeidet på 2000 - 2500 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane er tilrådd å nytte pensumlitteraturen og rapportmal.
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd
Vurderingssemester
Vår. Det er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 300 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 1.januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for bachelorprogram i arkeologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.
Administrativt ansvarleg
AHKR har det administrative ansvaret for emnet.