Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologisk teori og metode (2)

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK213
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping i arkeologisk teori og metode.

Studiet omfattar eit fordjupingstema innanfor arkeologisk teori og metode. Når ressursane tillét det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema varierer med aktuell forsking og tilgjengelege undervisningskrefter.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har innsikt i det empiriske, teoretiske og metodiske grunnlaget for det valde fordjupingstemaet
  • har god kunnskap om og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på metodiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine innanfor emnet.
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling.
  • har røynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem innan det valde fordjupingstemaet på grunnlag av arkeologisk materiale
  • kan nytte relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevant for det aktuelle temaet

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til teoretiske og metodiske problem.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor tema i fordjupingsemnet
  • delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser innanfor fordjupingstemaet
  • har røynsle med å vurdere teoretisk og metodisk fagstoff om det valde fordjupingstemaet. 
  • kan setje seg inn i omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 4-6 forelesingar/seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Mappeoppgåve som består av 2 oppgåver på om lag 750 ord kvar.

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste på om lag 500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.