Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utgravingsmetoder

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet vert tilbode uregelmessig.

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til arkeologisk feltarbeid. Studentane lærer om den historiske utviklinga av feltarbeid som metode innan arkeologi, og korleis ei moderne utgraving foregår (utval av gravingsstad og dokumentasjon) og kva etterarbeid inneber.

For meir informasjon, sjå temaomtale av emnet:www.uib.no/fag/arkeologi/94011/temaomtalar-arkeologi

Temaomtalar arkeologi | Arkeologi | UiB

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap  

Studenten

¿ Har grunnleggjande kunnskap om den historiske utviklinga av utgravingsmetodar

¿ Forstår korleis dokumentering i felt fungerer, og kvifor dokumentasjon er naudsynt

¿ Harforståing for HMS-rutinar i felt

¿ Har skaffa seg eit innsyn i rutinar og teknikkar for etterarbeid

Ferdigheiter

Studenten

¿ Er i stand til å lage ulike dokumentasjonsformer (verbale framstillingar, teikningar osv.)

¿ Kan analysere data og framstille den visuelt

Generell kompetanse

Studenten

¿ Har vist evne til å utvide praktiske ferdigheiter og forskningsferdigheiter, og bruke dette i utarbeidinga av ein rapport.

¿ Kan delta aktivt i gruppearbeid

Krav til forkunnskapar

Studenten har fullført alle emna i spesialiseringa på 100-nivå i arkeologi.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på Bachelorprogram i arkeologi ved AHKR, men har begrensa antal plassar. Emnet er valfritt.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og seminar med praktisk andel og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % oppmøtekrav og fire øvingsoppgåver

Vurderingsformer

Eksamen består av ei oppgåve på maksimum 1500 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg rapport.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår / haust. Det blir tilbydd eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester for studentar som har fått godkjend obligatoriske arbeidskrav i undervisingssemesteret.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister på om lag 500 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    24.11.2022, 13:00
    Trekkfrist
    10.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen