Hjem
Studentsider
Masteremne

Prosjektskildring

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeARK303
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk / engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust / vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å førebu studenten til å arbeide med sjølvstendig forsking. Studenten skal utarbeide ei prosjektskildring som gjer greie for den planlagde masteroppgåva med omsyn til problemstilling, teoretisk og metodisk orientering, litteratur og empirisk materiale.
Emnet er obligatorisk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har tileigna seg kunnskapar om sjangeren prosjektskildring og er førebudd til å arbeide med masteroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan avgrense eit forskingsprosjekt og gjere bruk av individuell rettleiing.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formulere ein plan for eit arkeologisk forskingsprosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. 

Arbeids- og undervisningsformer

Individuell rettleiing inntil 4 timer, forelesingar og masterseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av prosjektskildringa på masterseminar før endelig innlevering.

Vurderingsformer

Prosjektskildring på 3000-4000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust / vår

Litteraturliste

Litteraturliste til prosjektskildringa vert utarbeid i samarbeid med rettleiar.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for masterprogrammet i arkeologi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Innleveringsfrist
    14.12.2020, 13:00
    Trekkfrist
    30.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen