Hjem
Utdanning
Masteremne

Teori og metode

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet tek føre seg sentrale teoriar og metodar: Typologi, klassifikasjon, romleg distribusjon, der det vert lagt vekt på kategorisering og teoretiske forståingar for å handtere variasjon og romleg distribusjon, m.a. med bruk av naturvitskapleg metodar, samfunnsteoretiske og historiske analogiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:


Kunnskap
Studenten¿

  • har kunnskap om grunnleggjande teoretiske og metodiske tilnærmingar i arkeologifaget.


Ferdigheiter
Studenten¿

  • har ferdigheiter i å bruke dei arkeologiske teoriane og metodane i høve til konkret arkeologisk materiale.


Generell kompetanse
Studenten¿

  • har generell kompetanse i arkeologifaget sitt teori- og metodegrunnlag.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i arkeologi ved AHKR. Emnet er obligatorisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer som førelesingar og workshops (verkstader).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane møter opp på 70% av undervisningstimane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei fem dagars heimeeksamen på maksimalt 3500 ord. Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte før studenten kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust / vår

Det blir tilbydd eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester for studentar som har fått godkjend obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Felles pensum på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    25.11.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    29.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    15.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen