Arkeologisk praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studenten skal få fordjupa kunnskapar om førearbeid, praktisk gjennomføring, etterarbeid og rapportering frå arkeologisk feltarbeid. Undervisninga i førearbeid femner om arbeid med arkiv og innsikt i planlegging av undersøkinga. Feltopplæringa i registreringsmetodar gjev kunnskap om og røynsle med analyse av landskap, prøvestikk registrering, innsamling av funn, dokumentasjon og innmåling. Feltopplæringa i utgravingsmetodar gjev kunnskap om digital og manuell oppmåling av felt, ulike gravemetodar, innsamling av funn, prøvetaking, sikring av funn i felt, kartfesting, plan- og profilteikning, og verbal dokumentasjon.

Undervisninga i etterarbeid og rapportering femner om klassifikasjon av arkeologiske funn, kunnskap om handsaming av naturvitskapleg prøvemateriale, konservering, magasinering og rapportskriving.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande: Kunnskap

Kunnskap om korleis ein planlegg, gjennomfører og rapporterer frå arkeologisk feltarbeid.

Ferdigheiter

Studenten har innsikt i korleis ein nyttar arkiv under planlegginga av feltarbeid, innsikt i korleis ein går fram under arkeologiske registreringar, innsikt i korleis ein legg ut eit koordinatsystem og kartfester, grev ut, samlar inn funn og prøver, og dokumenterer funn, strukturar og anlegg. Studenten har også innsikt i korleis ein klassifiserer eit arkeologisk materiale og skriv ein arkeologisk rapport.

Generell kompetanse

Studenten har generell innsikt i emnet og røynsle med arkeologisk praksis og korleis resultata frå registreringar og utgravingar skal systematiserast og omsettast i kunnskap.

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Undervisning kvart vårsemester

Undervisningsstad

Ved UiB/på eit arkeologisk feltarbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i arkeologi.
Studiepoengsreduksjon
ARK301
Krav til studierett
Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Emnet er obligatorisk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er delt mellom teoretisk og praktisk opplæring. Den praktiske opplæringa går føre seg under eit arkeologisk feltarbeid og på undervisingstaden.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på forkurset og feltarbeidet er obligatorisk. Feltarbeidet er kostnadsfritt, unntatt mat.
Vurderingsformer
Rapport frå feltarbeidet på om lag 6000 ord. Rapporten vert ferdigstilt i gruppe og framlagt munnleg i gruppe på seminar.
Karakterskala
I vurderinga av emnet nyttar ein bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum utarbeidast av instituttet og omfattar om lag 700 sider.
Emneevaluering
Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane er tilrådd å nytte pensumlitteraturen og rapportmal
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.