Innføring i fiskehelse og havbruk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit innføringskurs i Profesjonsstudium i fiskehelse-akvamedisin og Integrert master i havbruk (sivilingeniør). Emnet tar opp utviklinga av norsk havbruk med fokus på artane sin biologi, helse i oppdrett og samspelet med teknologi. Vidare får studentane ein introduksjon til dagens situasjon i næringa og forvaltninga, og nåtidige og framtidige perspektiv nasjonalt og internasjonalt. Miljøproblem knytta til oppdrett blir presentert og diskutert. Ei rekke inviterte forelesarar bidreg innanfor sine spesialområde. Studentane blir introduserte for aktørane i næringa og deltek i ekskursjonar til utvalde bedrifter.

Emnet introduserar kort forskinga innafor havbruk ved instituttet, kva den har betydd og betyr for næringa, pågåande forskingsprosjekt og framtidige perspektiv. Eit viktig føremål med emnet er å gje ei svært variert studentgruppe eit felles utgangspunkt for vidare studium.

Læringsutbyte

Etter å ha tatt emnet skal studentene kunne/ha
  • forståelse av at dagens oppdrettsnæring er forskningsbasert og høyteknologisk
  • en oversikt over helseaspektet innenfor oppdrettsnæringen både i historisk, samtidig og framtidig perspektiv
  • enhetlig faggrunnlag for de fagområdene som undervises senere i profesjonsstudiet i fiskehelse og siv.ing/integrert master i havbruk
  • beskrive utvalgte oppdrettstarter, teknologier og metoder
  • gjøre rede for dynamikken helse, sykdom, oppdrettsteknologi og biologisk produksjon
  • en forståelse for miljøvirkninger av havbruk nasjonalt og internasjonalt
  • erfaring i å møte og kommunisere med aktørene i næringen
  • erfaringer med skriftlig rapportering av besøk ved oppdrettsbedrifter

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Profesjonsstudium i fiskehelse-akvamedisin eller Integrert master i havbruk (sivilingeniør).
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning, seminarer og feltkurs ekskursjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte første undervisningsdag. Det er obligatorisk å delta på minimum 80% av undervisninga i emne. Obligatorisk deltakelse på ekskursjonar og innlevering av rapport etter ekskursjonane. Obligatoriske aktiviteter gyldig i 6 semester, inkludert inneværende.
Vurderingsformer
Muntlig eksamen. Studenten får oppgitt et emne og skal gi en presentasjon om emnet etterfulgt av en diskusjon. Obligatorisk undervisningsaktivitet må være godkjent for å gå opp til eksamen.
Karakterskala
Karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og F er stryk/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er munnleg eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir munnleg eksamen arrangert tidleg i semesteret. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for at ein skal kunne avlegge eksamen.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.