Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i evolusjon og økologi

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjonsprosessen kan utnyttes til å oppnå biologisk innsikt: korleis adaptasjon føregår i evolusjonære einingar og evolusjon av mennekset. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og avsluttar med abruksområder for evolusjonære prinsipp. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk, populasjonsgenetikk og naturlig seleksjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • ha kunnskap om evolusjonsteoriens historie og kjernelogikk, samt om Darwin og andre sentrale personar
  • kjenne til korleis evolusjon skjer på individ- og populasjonsnivå og har ein molekylær basis
  • ha kunnskap om sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innan økologi, åtferd, læring, livshistorie, populasjonsdynamikk, genetikk og evolusjon
  • ha forståing av korleis seleksjonstrykk oppstår i økologisk samspel og konkurranse mellom individ og artar
  • kjenne til hovudlinjene i livet sitt opphav og utvikling på jorda, inkludert evolusjon av mennesket

Ferdigheiter:

  • gjere enkle rekneoppgåver og berekningar innan populasjonsdynamikk og genetikk, blant anna ved hjelp av rekneark
  • kunne lese og forklare grafar med forskingsresultater
  • kunne utføre enkle søk etter relevant forskingslitteratur samt vise til kjeldene korrekt
  • skrive tekstar og halde presentasjonar med vitskapleg form og innhald

Generell kompetanse:

  • anvende eit presist fagspråk med tydeleg bruk av omgrep og eintydige setningar
  • sjå parallellar og trekke linjer mellom forskjellige biologiske disiplinar slik evolusjonsteorien bringar dei saman
  • kjenne att og diskutere evolusjonære problemstillingar i tekstar om biologiske system

Tilrådde forkunnskapar

BIO100 er eit innføringsemne i biologi, og krev ingen forkunnskaper i biologi. Det er en fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarende frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

10 SP overlapp med BIO110.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte første forelesning.

Vurderingsformer

  • Deleksamen 1 er ein digital skuleeksamen.
  • Deleksamen 2 er ei skriftleg innlevering.
  • Deleksamen 3 er ein munnleg presentasjon.
  • Deleksamen 4 er ein digital skuleeksamen. Deleksamen 4 må vere bestått for å bestå emnet.

Resultatet er basert på alle fire deleksamenar.

Studenter som tidligare har gjennomført deleksamenane kan velje å gå opp til ny(e) deleksamen(ar) i undervisningssemesteret (haust), deleksamen 4 kan og takast på nytt i vårsemesteret (februar-mars). Ny vurdering vil inkludere resultatetet frå tidlegare deleksamenar som ikkje takast opp. Deleksamenar er gyldig i seks semester, inkludert inneverande semester. Ta kontakt med studieseksjonen dersom du ønsker å ta opp deleksamenar, men gyldigheita av dei har gått ut.

På grunn av koronasituasjonen blir deleksamen 1 og 4 hausten 2020 skriftleg skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus.

Hjelpemiddel til eksamen

Tillatte hjelpemiddel på deleksamen 1-4: kalkulator

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Alle fire deleksamenar kan takast i undervisningssemesteret (haust). Deleksamen 4 kan også takast i vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    16.02.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    02.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    17.02.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    03.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen