Innføring i evolusjon og økologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeBIO100
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjon og økologi heng saman og fører til tilpassingar i populasjonar og artar, inkludert mennesket. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og biologien si rolle i dei store globale utfordringane. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk og naturleg seleksjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- ha kunnskap om evolusjonsteoriens historie og kjernelogikk, samt om Darwin og andre sentrale personar
- kjenne til korleis evolusjon skjer på individ- og populasjonsnivå og har ein molekylær basis
- ha kunnskap om sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innan økologi, åtferd, læring, livshistorie, populasjonsdynamikk, genetikk og evolusjon
- ha forståing av korleis seleksjonstrykk oppstår i økologisk samspel og konkurranse mellom individ og artar
- kjenne til hovudlinjene i livet sitt opphav og utvikling på jorda, inkludert evolusjon av mennesket
Ferdigheiter:
- gjere enkle rekneoppgåver og berekningar innan populasjonsdynamikk og genetikk, blant anna ved hjelp av rekneark
- kunne lese og forklare grafar med forskingsresultater
Generell kompetanse:
- anvende eit presist fagspråk med tydeleg bruk av omgrep og eintydige setningar
- sjå parallellar og trekke linjer mellom forskjellige biologiske disiplinar slik evolusjonsteorien bringar dei saman
- kjenne att og diskutere evolusjonære problemstillingar i tekstar om biologiske system
- samarbeide i grupper og resonnere og argumentere om evolusjon og økologi
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarande frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
10 SP overlapp med BIO110.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved UiB. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på første forelesning.
Vurderingsformer
Det er mappevurdering i BIO100 der karakteren er basert på to delar:
1) Poeng frå individuelle testar og gruppetestar (vekta likt) i starten av kvar modul på gruppeundervisninga (7 modular), der dei 5 modulane med høgast poengsum tel 25% på karakteren.
2) Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (3 timar) tel 75% på karakteren. Avsluttande eksamen må vere bestått for å bestå emnet.
Studentar som består del 2 får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingsdelane, vekta slik som i lista ovanfor, der progresjon kan avgjere vippetilfelle. Studentar som tidlegare har gjennomført delar av karaktergrunnlaget kan velje å ta opp ein eller begge delane i undervisningssemesteret (det er ikkje høve til å ta opp berre utvalde modular av del 1). Den beste presentasjonen på kvar vurderingsdel nyttast til å rekne ut ny karakter. Poeng frå tidlegare semester kan bli justert om det er nivåforskjeller frå år til år, til dømes grunna vanskegrad på eksamensoppgåvene.
Dei to vurderingsdelane er gyldige i seks semester, inkludert inneverande semester.
Ta kontakt med studieseksjonen dersom gyldigheita av vurderingselementa har gått ut for å sjekke om du likevel kan ta opp emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Tillatne hjelpemiddel på alle vurderingselementa: kalkulator
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust.
Det vert arrangert sjukeeksamen tidleg i vårsemesteret dersom det er studentar med gyldig fråvær på avsluttande eksamen (del 2) i haustsemesteret. Desse må søkje om tidleg eksamen via digitalt skjema på denne sida.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsbasen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappeevaluering (Ny eksamen)
- Trekkfrist
- 15.02.2023
Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen