Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Organismebiologi 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å utvikle studentane sin kunnskap i populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, økosystem og bevaringsøkologi for prokaryote organismar, planter, sopp og dyr. Gjennom ein kombinasjon av arbeid i felt og undervisning vil studentane få trening i å identifisere artar, og utvikle ei forståing av korleis artar er tilpassa miljøet dei lever i, kva krav dei stiller til miljøet og korleis artane påverkar og er avhengige av kvarandre. I tillegg vil nokon av dei spesielle utfordringane ein har med bevaring av biologisk mangfald i Norden bli diskutert (truga artar og naturtypar, svartelister osb.). Vidare vil emnet innehalde ei innføring i vitskaplege metodar i felt som blir brukt til å studere dei nemnde aspekta.

Emnet vil i tillegg til førelesningar innehalde praktisk undervisning i felt. Ein del av feltkurset vil fokusere på identifisering av artar, kva krav artane har til miljøet og betydninga av mikroorganismar i havet og i jorda. Ein annan del av feltkurset vil fokusere på å lage eit relevant vitskapleg prosjekt som blir gjennomført på feltkurset.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

  • Kunne forklare enkle biogeografiske prinsipp, som til dømes likevektsmodellen for øybiogeografi.
  • Kunne identifisere dei viktigaste faktorane som påverkar utbreiinga til ulike artar globalt og lokalt, og diskutere korleis dette dannar vegetasjonssoner.
  • Kunne identifisere eit gitt sett med artar i Vest-Noreg.
  • Kunne bruke nøkling og andre verktøy for å identifisere artar.
  • Kunne gjere greie for dei viktigaste trugslane mot det biologiske mangfaldet i dag, i Norden spesielt og i verda generelt, og diskutere kva for verkemiddel ein nyttar i bevaringa av det biologiske mangfaldet.
  • Forklare skilnadane mellom populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, og økosystem.
  • Kunne beskrive biodiversiteten i eit område og diskutere kva for faktorar som påverkar biodiversiteten
  • Kunne beskrive, forstå og samanlikne dynamiske prosessar både for populasjonar og samfunn både på kortare og lengre tidsskalaer
  • Forstå og forklare korleis livshistorietrekk påverkar økologien til artene
  • Forstå og undersøke korleis artar interagerer og påverkar kvarandre positivt og negativt
  • Forstå rolla til prokaryote og eukaryote organismar i økosystema, samt betydning av og funksjon til prokaryote organismar i biokjemiske syklusar
  • Kjenne dei viktigaste miljøfaktorane for utbreiing av artar i Norden
  • Kunne identifisere og gjere greie for dei ulike bioma og deira utbreiing i verda
  • Kjenne til ulike metodar nytta i økologi, og kunne planlegge kva for metodar som skal nyttast til å svare på ulike vitskapelege spørsmål
  • Kunne presentere vitskapeleg materiale både skriftleg og munnleg
  • Kunne skrive ein vitskapeleg rapport etter IMRaD-strukturen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 BIO100 og BIO101.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav. Studentar som har emnet som obligatorisk del av graden vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plassar.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltkurs.

Feltkurset er i veke 34 og 35 (måndag til fredag). Det er obligatorisk å delta på alle dagane på feltkurset. Kontakt instituttet på e-post: studie@bio.uib.no for spørsmål om feltkurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgjande semester.

Eigenandel for deltaking på feltkurs

Studentar på emne som reiser på feltkurs med overnatting må sjølv dekke utgifter til mat og drikke under feltkurset. Av omsyn til reglar og krav om handtering av mat og hygiene må institutt for biovitskap kjøpe mat frå dei ulike overnattingsstadane og studentane kan ikkje ta med eigen mat. Instituttet står derfor for bestilling av mat for alle deltakarane på feltkurset. Studentar betalar ein sum på 100 kroner per døgn for dette. Instituttet dekker utgifter til felles busstransport og losji, i tillegg til kostnader for mat utover 100 kroner per døgn.

Studentar som køyrer eigen bil må melde i frå på e-post studie@bio.uib.no seinast 10 dagar før avreise. I e-posten må det stå kven som køyrer og kven som eventuelt er med som passasjerar i bilen. Instituttet dekker ikkje utgifter for privat transport.

Vurderingsformer

Mappeevaluering, består av seks ulike innleveringar/aktivitetar.

Tre av aktivitetane er obligatoriske for alle studentane (62,5% av karaktergrunnlaget):

1) Artskunnskap: identifisere artar og skrive ein rapport. Det vil bli gitt meir informasjon om denne aktiviteten i slutten av vårsemesteret slik at studentane kan bruke sommaren på å samle inn artar (17,5%)

2) Prosjektoppgåve: samarbeidsprosjekt der alle på gruppa skal delta i innsamling av data og skrive ein rapport (12,5%)

3) Avsluttande quiz (32,5%)

For dei tre resterande aktivitetane skal studentane gjennomføre 3 av 4 aktivitetar (37,5% av karaktergrunnlaget):

1) Faktasjekk: vel ein påstand relatert til klimakrise/naturkrise og vurder denne påstanden (12,5%)

2) På grunn av endringar vil studentane få meir informasjon om oppgåve 2 ved semesterstart (12,5%)

3) Artar si utbreiing: kort presentasjon av utbreiing av artar og diskusjon om mogleg faktorar som kan forklare det observerte utbreiingsmønsteret (12,5%)

4) Quizoppgåver: lage oppgåver frå pensum til quiz om termar i økologien (12,5%)

Dersom ein student leverer inn alle fire innleveringane er det dei tre innleveringane med høgast poengsum som tel med i mappeevalueringa.

Følgande informasjon om mappeevalueringa vil bli publisert på Mitt UiB og informert om på første førelesning:

  • Detaljert informasjon om korleis dei enkelte aktivitetane skal gjennomførast, korleis formatet på innleveringane er og kva innleveringsfrist dei har
  • Rekkefølgje på innleveringane
  • Kva kriteria som ligg til grunn for vurdering av innleveringane/aktivitetane som inngår i mappeevalueringa og mappa som heilskap

Prosess og progresjon inngår ikkje i mappeevalueringa.

Dei ulike innleveringane/aktivitetane i mappeevalueringa er gyldige i 5 påfølgande semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIO111 Zoologi (5 SP), BIO112 Botanikk (5 SP), BIO113 Mikrobiologi (5 SP).

Vurderingssemester

Haust.

Studentar som tidlegare har gjennomført mappeevaluering i BIO102 kan melde seg opp til ny vurdering i undervisningssemesteret og ta opp ei/fleire/alle innleveringane/aktivitetane som inngår i mappeevalueringa. Ny vurdering vil då inkludere tidlegare resultat for innleveringane/aktivitetane som ikkje blir gjennomført på nytt.

Dei ulike delane i mappeevalueringa er gyldige i 5 påfølgjande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for det faglege innhaldet og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogramma og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    01.11.2021
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen