Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Cellebiologi og genetikk

Main content

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er torsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning. Dersom du ikkje kan møte på første førelesning må du ta kontakt med studieseksjonen: studie@bio.uib.no

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ei kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førde vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overførd frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.

I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Læringsutbyte

  Etter fullført emne skal studenten:

  • Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggesteinane og være fortrolig med hvordan, når og hvor biomolekyl påvirker hverandre
  • forstå organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar
  • demonstrere kunnskap om metabolisme, energiomsetning, fotosyntese, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organisert med omsyn til cellulære strukturar
  • demonstrere kunnskap om det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon
  • demonstrere kunnskap om mitosen og grunnleggande forståing for korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
  • kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen
  • kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv
  • forstå det kromosomale og molekylære grunnlaget for genetisk arv, og kunne forklare korleis informasjon vert overførd frå genar til RNA og vidare til proteiner, og korleis uttrykk av genar vert regulert
  • ha kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmider) og korleis dei formeirar seg og vert overførde frå celle til celle
  • ha kunnskap om bioteknologisk bruk av genetikk og etiske spørsmål knytta til det
  • forstå korleis genetikk og differensiering av celler utvikler en organisme
  • forstå korleis genom evolverer
  • forstå grunnlaget for eksperimentelle forsøk, ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om sikkerheit på laboratoriet.
  • kunne analysere og tolke eksperimentelle data
  • kunne gi klar og konsis vitskapeleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling
  • ha kjennskap til samarbeidsprosesser og anvende denne i læringsfremmende samarbeid i studentgrupper

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing, kollokvie og laboratoriearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Første og siste forelesning er obligatorisk.

Deltaking på laboratoriekurs, kollokvier og godkjent labjournal. Labjournalen teller 30% av totalkarakteren.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i 6 semester, inkludert inneværende.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg digital eksamen

Labjournal teller 30% av totalkarakter.

Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen tillatne hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    31.05.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    17.05.2021
    Andre opplysninger
    Våren 2021 er det følgande endring i vurdering: skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen