Cellebiologi og genetikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førte vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overført frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.

I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggesteinane og vere fortroleg med korleis, når og kor biomolekyl påvirker kvarandre.
  • Kunne forklare og samanlikne organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar.
  • Kunne gjere greie for metabolisme, energiomsetning, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organisert med omsyn til cellulære strukturar.
  • Kunne gjere greie for det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon.
  • Demonstrere grunnleggjande forståing for mitose og korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
  • Kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen.
  • Kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv, i tillegg forstå korleis genom evolverer.
  • Kunne forklare korleis informasjon vert overført frå genar til RNA og vidare til protein, og korleis uttrykk av genar vert regulert.
  • Vise kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmider) og korleis dei formeirar seg og vert overførte frå celle til celle.
  • Ha kjennskap til genom redigering og etiske spørsmål knytta til dette.
  • Kunne forklare grunnleggjande cellulære og molekylære mekanismar som styrar fosterutvikling hjå dyr.

Ferdigheiter:

  • Ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om sikkerheit på laboratoriet.
  • Kunne grunnleggjande mikroskopteknikk for å observere fenotypiske trekk hjå dyr.
  • Kunne analysere og tolke eksperimentelle data.
  • Utføre grunnleggjande bioinformatiske analyser.
  • Kunne utforme og skrive ein vitskapleg rapport etter IMRAD-formatet (innleiing, materiale og metode, resultater og diskusjon) basert på eigne resultat.

Generell kompetanse:

  • Kunne og forstå prinsippa for rapportskriving etter IMRAD-formatet, og kunne bruke desse i utforming av rapportar frå labøvingar.
  • Kunne lese og forstå vitskaplege tekstar.
  • Kjenne til og forstå viktigheita av kjeldekritikk, referering og fagfellevurdering.
  • Kunne gje ei klar og konsis vitskapleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling.
  • Kan samarbeide med medstudentar om aktiv læring i undervisning, kollokviegrupper og laboratorieøvingar.

Studiepoeng, omfang

10.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MOL201: 10 studiepoeng
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, kollokviegrupper og laboratoriearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på kollokviegrupper, laboratoriekurs og presentasjonar av eit fagtema (godkjent/ikkje godkjent).
Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgjande semester.
Vurderingsformer

Mappeevaluering:

  • Labrapportar (30% av karakteren).
  • Avsluttande skriftleg digital eksamen (70% av karakteren).

Karaktergrunnlaget frå rapportane og avsluttande eksamen er berre gyldige i det semesteret som dei blir gjennomført.

Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret
Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå tidlegare semester skal berre ta avsluttande eksamen og resultatet av denne utgjer heile karaktergrunnlaget.

I semester utan undervisning
Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen og resultatet frå denne utgjer heile karaktergrunnlaget.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester, i semester utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen tillatne hjelpemiddel.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.