Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Komparativ fysiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning. Dersom du ikkje kan møte på første førelesning må du ta kontakt med studieseksjonen: studie@bio.uib.no

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til prinsippene for form og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar med hovudvekt på fysiologiske mekanismar si tilpasning til miljøet og bevaring av likevekt. Plantefysiologidelen vil vektlegge både høgare plantar og planteplankton. Zoofysiologidelen vil legge hovudvekten på vertebrater med eksempel frå evertebratfysiologi der denne kan gje interessante modellar/spørsmål/mekanismar. Mikrobiell fysiologi tar for seg grunnleggande fysiologiske prosessar på det cellulære nivået og interaksjon/samhandling med miljøet. I tillegg til å sjå på spørsmål som er spesifikke til dei tre organismegruppene vil større emne innan fysiologien bli diskutert. Emne som blant anna vil bli tatt opp er:

  • Temperatur
  • Fotosyntese (oksygenisk/anoksygenisk)
  • Ernæring/energihøsting
  • Transportmekanismer
  • Vann/ionebalanse, utskilling
  • Homeostase, tilpasning til miljøet
  • Gassutveksling, respirasjon og sirkulasjon
  • Signaloverføring (mellom celler, hormoner/nervesystem)
  • Sansing (visuell, kjemiske, lyd og vibrasjoner)

Førelesningane vil fokusere på hovudprosessene innanfor fysiologien i forhold til miljøet i plantar, dyr og mikroorganismar, og prosessane involvert i oppretthalding av homeostase.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • Kan utleie og forklare grunnleggande prinsipper innanfor form, struktur og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar
  • Kan gjere greie for grunnleggande begrep relatert til sentrale fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar
  • Kan forklare og samanlikne kritiske fysiologiske mekanismar («funksjon») i tilpassing til miljøet og homeostase i dyr, plantar og mikroorganismar

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan grunnleggande laboratorieteknikkar brukt for å studera fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar
  • Kan enkel datatilarbeiding, resultatpresentasjon og diskusjon av eigne resultat i høve til teorien
  • Kan disponere og skrive ein rapport etter IMRAD formatet (Innledning, Materiale og metode, Resultater, Diskusjon) basert på eigne resultat

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan prinsippet for rapportskriving etter IMRAD formatet og skal kunne bruke dette sjølvstendig i eigne rapportar frå labøvinger
  • Kan samarbeide rundt gjennomføring av eit forsøk, resultattilarbeiding, dataanalyse og tolking
  • Kan reflektere og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn
  • Kan opptre ansvarleg på laboratoriet og rette seg etter dei retningslinjene som gjelder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BIO100, BIO101, BIO102, MOL100, KJEM110 og KJEM130

BIO103 tek ein parallelt med BIO104.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og laboratoriekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs (3 deler), godkjente laboratoriejournaler (3 journaler) og midtvegseksamen.

Obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldige i 5 påfølgande semester.

Vurderingsformer

I semester med undervisning

Deleksamen 1 (30%), deleksamen 2 (50%) og labjournaler (20%).

  • Deleksamen 1: 3 timar, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver (multiple choice) frå første del av pensum.
  • Deleksamen 2: 4 timar, langsvarsoppgåver og kortsvarsoppgåver i kombinasjon med fleirvalsoppgåver. Hovudvekt på siste del av pensum, men oppgåver frå første del av pensum kan også bli gitt.

I semester utan undervisning

Studenter med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen. Eksamen består av langsvarsoppgåver, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver. Eksamen tel 100% på karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIF101 (4 sp)

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    01.10.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    17.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted