Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Komparativ fysiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til prinsippene for form og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar med hovudvekt på fysiologiske mekanismar si tilpasning til miljøet og bevaring av likevekt. Plantefysiologidelen vil vektlegge både høgare plantar og planteplankton. Zoofysiologidelen vil legge hovudvekten på vertebrater med eksempel frå evertebratfysiologi der denne kan gje interessante modellar/spørsmål/mekanismar. Mikrobiell fysiologi tar for seg grunnleggande fysiologiske prosessar på det cellulære nivået og interaksjon/samhandling med miljøet. I tillegg til å sjå på spørsmål som er spesifikke til dei tre organismegruppene vil større emne innan fysiologien bli diskutert. Emne som blant anna vil bli tatt opp er:

  • Temperatur.
  • Fotosyntese (oksygenisk/anoksygenisk).
  • Ernæring/energihøsting.
  • Transportmekanismer.
  • Vann/ionebalanse, utskilling.
  • Homeostase, tilpasning til miljøet.
  • Gassutveksling, respirasjon og sirkulasjon.
  • Signaloverføring (mellom celler, hormoner/nervesystem).
  • Sansing (visuell, kjemiske, lyd og vibrasjoner).

Førelesningane vil fokusere på hovudprosessene innanfor fysiologien i forhold til miljøet i plantar, dyr og mikroorganismar, og prosessane involvert i oppretthalding av homeostase.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Kan utleie og forklare grunnleggande prinsipper innanfor form, struktur og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan gjere greie for grunnleggande begrep relatert til sentrale fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan forklare og samanlikne kritiske fysiologiske mekanismar («funksjon») i tilpassing til miljøet og homeostase i dyr, plantar og mikroorganismar.

Ferdigheiter:

  • Kan grunnleggjande laboratorieteknikkar brukt for å studera fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan enkel datatilarbeiding, resultatpresentasjon og diskusjon av eigne resultat i høve til teorien.
  • Kan disponere og skrive ein rapport etter IMRAD-formatet (innleiing, materiale og metode, resultater og diskusjon) basert på eigne resultat.

Generell kompetanse:

  • Kan prinsippet for rapportskriving etter IMRAD-formatet og skal kunne bruke dette sjølvstendig i eigne rapportar frå labøvinger.
  • Kan samarbeide rundt gjennomføring av eit forsøk, resultattilarbeiding, dataanalyse og tolking.
  • Kan reflektere og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
  • Kan opptre ansvarleg på laboratoriet og rette seg etter dei retningslinjene som gjelder.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

BIO100, BIO101, BIO102, MOL100, KJEM110 og KJEM130.
BIO103 tek ein parallelt med BIO104.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og laboratoriekurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (3 delar) med laboratoriejournaler (3 stk).
Obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldige i 5 påfølgande semester.

Vurderingsformer

I semester med undervisning
Deleksamen 1 (40%) og deleksamen 2 (60%):

  • Deleksamen 1: 3 timar, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver (multiple choice) frå første del av pensum.
  • Deleksamen 2: 4 timar, langsvarsoppgåver og kortsvarsoppgåver i kombinasjon med fleirvalsoppgåver. Hovudvekt på siste del av pensum, men oppgåver frå første del av pensum kan også bli gitt.

Obligatorisk aktivitet må vere godkjent og begge eksamenane må gjennomførast for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret. Midtsemestereksamen og avsluttande eksamen er berre gyldig det same semesteret som dei blir gjennomført.

I semester utan undervisning
Studenter med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen. Eksamen består av langsvarsoppgåver, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver. Eksamen tel 100% på karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIF101 (4 studiepoeng).

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester, i semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Deleksamen, lab.journal og slutteksamen

    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    23.02.2023
    • Eksamensdel: Deleksamen - Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      09.03.2023, 09:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Avsluttande skriftleg skuleeksamen

      Dato
      26.05.2023, 15:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted