Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Økologi

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i grunnleggjande økologisk teori på individ-, populasjons- og samfunnsnivå. Livshistorieteori, populasjonsvekst, konkurranse, predator-bytte, parasittisme, diversitet, suksesjonar, artstrukturer, fordelingar i tid og rom, metapopulasjons- og samfunnsøkologi er viktige tema i emnet. Det blir lagt stor vekt på kvantitative analyser og skriving i emnet. Kurset skal gi eit økologisk teorigrunnlag og vise økologien sin relevans for samfunnet, for eksempel for kunnskapsbasert hausting av naturresurssar og forvaltning av andre økosystemfunksjonar og -tenester.  

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/ha:

  • Beskrive og forklare sentrale økologiske teoriar, begrep og modellar.
  • Oppsummere enkelte økologiske metodar i felt og lab og diskutere nytten av modellering.
  • Bruke nokon statistiske og numeriske metodar aktivt for å analysere økologiske prosessar.
  • Identifisere og forklare koplingar mellom evolusjon, økologiske tilpassingar og økosystem sin funksjon.
  • Diskutere relevante og anvendte økologiske tema i lys av økologisk teori.
  • Skrive uavhengige tekstar om økologiske spørsmål med eit akademisk språk og format.
  • Konstruere presise illustrasjonar og grafar over data, teoriar og siimueringar og trekke koklusjonar frå desse.

Krav til forkunnskapar

MAT101 Brukarkurs i matematikk I (10 sp)

Tilrådde forkunnskapar

  • BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 sp)
  • BIO102 Organismebiologi 2 (10 sp)
  • MAT102 Brukarkurs i matematikk II (10 sp)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske innleveringar.


Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester, det semesteret dei er godkjent og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering, som består av:

  • Munnleg eksamen, utgjer 60% av total karakter.
  • Skriftlege innleveringer, utgjer 40% av total karakter.

Munnleg eksamen må vere bestått for å kunne bestå emnet.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er kun eksamen i semester med undervising.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon